Hopp til innhold

Trippeldrapstiltalt død av skadane etter at han hoppa utfor eit tak i fengselet

Den tiltalte etter trippeldrapet i Årdal døydde onsdag av skadane han fekk etter han hoppa utfor eit tak i Bergen fengsel. Trist og tragisk, meiner forsvararen.

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

TRIPPELDRAP: Bussjåføren og to passasjerar vart drepne i den tragiske hendinga ved Holsbru i byrjinga av november i fjor.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Det stadfestar statsadvokat Magne Nyborg overfor NRK.no.

Mannen vart sendt til Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skader etter at han for to veker sidan hoppa utfor eit tak.

– Han har ligge i respirator sidan fallet, til legane bestemte i går at han skulle koplast frå. Det vart gjort klokka 1330, og han døydde klokka 1440, seier han.

Kritisk tilstand

Magne Nyborg

STATSADVOKAT: Magne Nyborg stadfestar at den trippeldrapstiltalte døydde av skadane han fekk då han hoppa utfor eit tak.

Foto: Bård Siem / NRK

Mannen har vore tiltalt for trippeldrapet om bord på Valdresekspressen 4. november i fjor. Ei 19 år gamal jente og to menn i 50-åra vart drepne.

Den tiltalte har sete varetektsfengsla sidan pågripinga same dag. Rettspsykiaterar vurderte han som strafferettsleg tilrekneleg, og han har siste månadene sete i Bergen. Han har også tidlegare gjort forsøk på sjølvskading.

Mannen var tiltalt for tre tilfelle av overlagt drap. Han var i ein behandlingssamtale med to psykologar og tre betjentar utandørs, då han klatra opp på taket og hoppa. Rettssaka var venta å komme opp i Bergen tingrett ut på nyåret.

– Vi har fått tilbakemeldingar frå Haukeland om at det var kritisk. Eg var heller ikkje klar over at det var så alvorleg at dei vurderte å kople han frå, seier Nyborg.

Har kone og born

Mannen lèt etter seg kone, fleire born og søsken i heimlandet Sør-Sudan. Norske styresmakter jobbar no med å varsle familien i Afrika. Bistandsadvokat, forsvarar og Kriminalomsorga er orientert om dødsfallet.

– Utover det har vi bede Kripos om å kontakte ambassade for å formidle dette til hans etterlatne i Sør Sudan, seier Nyborg.

– Kva gjer de no vidare?

– No vil eg sende tiltalevedtaket tilbake til Riksadvokaten med framlegg om å legge vekk saka som følgje av at mistenkte er død. Så vil vi også invitere bistandsadvokat og dei etterlatne til eit møte med underteikna og hovudetterforskar for å gi dei ein gjennomgang av saka og svar på dei spørsmål dei måtte ha.

– Ikkje grunnlag for kritikk

Mannen sin forsvarar, Fredrik Verling, seier til NRK at det er svært trist og tragisk det som har skjedd.

– Eg har fått grundig forklart kva som skjedde i fengselet, og eg har også fått løpande informasjon i etterkant, seier Verling om situasjonen då den trippeldrapstiltalte hoppa i samband med eit avhøyr.

– Ser du nokon til å rette kritikk mot nokon etter det som har skjedd?

– Det er vanskeleg å kome med nokon kritikk mot det slik situasjonen er no. Han skulle vel truleg ha vore på eit sjukehus. Det går ikkje an å låse folk heilt fast, og det vil alltid vere usikre risikomoment, seier Verling til NRK.

Avsluttar ikkje saka enda

Forsvararen opplyser at han har besøkt den trippeldrapstiltalte på Haukeland universitetssjukehus etter at han blei innlagt der etter hoppet som no enda fatalt.

– Eg tenkjer at i utgangspunktet blei han behandla på ein fornuftig og god måte i fengselet. Mitt oppdrag er nok ikkje avslutta heilt enda. Eg vil sjølvsagt følgje opp vidare noko av det som har skjedd så langt, og avslutte saka på ein fornuftig måte. Så får vi sjå om noko eventuelt må skje vidare i saka, seier Verling.