Hopp til innhold

Treningssentera med desperat bøn til medlemmar: – Vi klarar ikkje dette åleine

Medan treningssentera held stengt, treng dei hjelp frå betalande medlemmar for at dei skal kunne opne igjen når alt er tilbake til normalen.

Kent Roger Engdal

AUDMJUK: Dagleg leiar Kent Roger Engdal i Spenst Førde er klar på at dei er avhengig av at betalande medlem ikkje melder seg ut, dersom treningssenteret skal klare seg gjennom denne perioden.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Kvar einaste krone, tolmod og forståing betyr enormt mykje, seier dagleg leiar for Spenst Førde, Kent Roger Engdal.

På lik linje med resten av landet, er treningssenteret avhengig av hjelp og godvilje frå medlemmane, dersom dei skal klare å opne igjen etter lengre stengetid.

Og hjelpa har dei fått, hittil.

Heile landsavdelinga permittert

Etter at regjeringa 12. mars bestemte å stenge ned alle landets treningssenter i to veker, har bransjen gått ei svært usikker framtid i møte. Kjedesjef i Spenst, Eirin Stuhaug Bolle, fortel at dei har sett seg nøydde til å permittere over 1300 arbeidsplassar i vent på kva som skal skje vidare.

– Det har vore utfordrande, og me er veldig spente på kor lang tid dette tar.

Når regjeringa tysdag skal møtast for å drøfte tiltaka på nytt, trur Bolle det er lite sannsynleg at dei får lov til å opne dei 37 treningssentera sine att.

Ho meiner det er avgjerande for framtida til organisasjonen at medlemmane er tolmodige også, og at dei ikkje byrjar å melde seg ut.

– Me går ut med oppmoding om at dei kan fryse medlemskap, eller nytte seg av ting me legg til rette for, som til dømes online treningsøkter. Kanskje kan det vere avgjerande for at dei har ein stad å komme tilbake til, seier ho.

Vil tape 12 millionar i månaden

Også for Nr1 Fitness er situasjonen vanskeleg. Dei har måtte permittere over 500 tilsette, og konsernsjef Trygve Amundsen meiner dei vil tape 12 millionar kroner i månaden på situasjonen slik han er no.

– Det er ein vanskeleg og uoversiktleg situasjon, også for dei tilsette. Me er avhengig av inntekt så difor har me oppfordra medlemmane til å betale normalt, og så får dei igjen det dei ikkje har trent for seinare.

Trygve Amundsen i Nr1 Fitness

STORE TAP: Konsernsjef Trygve Amundsen i Nr1 Fitness fortel at dei lid av tunge økonomiske tap på grunn av den landsdekkjande stenginga.

Foto: BALAZS VARGA / BALAZS VARGA

Amundsen har snakka med fleire bransjekollegaer som har abonnement utan bindingstid. Det meiner han er ei enorm ulempe i desse tider.

– Det er klart det er kritisk at dei mister, i staden for å få, medlemmar no. Det er heilt vesentleg at ein klarar å behalde medlemmane, seier Amundsen.

Vitamininnsprøyting

I Førde gjer mange sitt for å behalde treningssenteret sitt. Kent Roger Engdal er svært takknemleg for støtta dei har fått, frå medlemmar som betalar full pris sjølv om dei ikkje kan trene.

– Me jobbar på for at medlemmane skal få det same tilbodet når me byrjar på att, men det er dessverre slik at vi klarar ikkje dette åleine.

– Eg må innrømme at eg har felt nokre tårer etter alle tilbakemeldingane me har fått, seier han.

Positive kommentarar frå FB.

STØTTE: Biletet illustrerer støtta Spenst Førde har fått frå medlemmar. Denne skjermdumpen er frå eit innlegg på heimesida deira på Facebook.

Foto: SKJERMDUMP

Han meiner støtta fungerer som ei ekstra vitamininnsprøyting for permitterte instruktørar som sit heime og er uroa for framtida.

– Responsen til no viser stor lojalitet frå medlemmane, som betyr alt når vi går inn i ei tid der vi mest truleg blir pålagde å halde stengt lenger. Det er ikkje nokon tvil om at det vert ekstremt rørande den dagen me opnar igjen, seier Engdal.