Hopp til innhold

Treng tre millionar for å få «Sognefjord» heim

Den gamle passasjerbåten er til sals i Malaysia. No prøver entusiastar å skaffe pengar til å kjøpe båten heim.

MS Sognefjord

I GAMLE DAGAR: Slik såg båten ut sist den gjekk i rute på Vestlandet. No vil entusiastar ha den attende til Sognefjorden som veteranbåt.

Foto: Harry Rundrheim

Knut Seime er ein av entusiastane som no prøver å få tak i den gamle båten, som lenge gjekk i rute i Sognefjorden, og mellom Bergen og Nordfjord.

– Denne båten er velhalden og har eit stort potensiale. Den er ein god representant for dei gamle marinefartøya som vart ombygd til passasjerbåtar etter krigen, seier Seime.

Lenge under Fylkesbaatane sitt flagg som «MS Sognefjord», men den vart bygd i USA for den amerikanske marinen i 1943. Etter ein tur innom Storbritannia som marinefartøy, kjøpte Fylkesbaatane båten og døypte den om til «MS Sognefjord». Her gjekk den som passasjerbåt i over 32 år, før Fylkesbaatane selde skuta i 1982.

Då var ho brukt i produksjonen av den norske filmen «Orions belte», som vart filma på Svalbard i 1983.

Frå Malaysia til Sogn

Orient Explorer

ORIENT EXPLORER: No er båten i Malaysia og skal vere i god stand.

Sidan 1987 har båten vore i utlandet, med finske eigarar, og no står den i Sabah i Malaysia. No heiter den «Orient Explorer» og er til sals for 299 000 euro, som tilsvarer knappe tre millionar norske kroner. Sist sommar var båten til sals for over fire millionar kroner.

– Den har sin naturlege plass i fjordane. Utfordringa no er å finne finansiering, både til å få båten kjøpt og å få den til Noreg, seier Seime.

Han og dei andre entusiastane vil no få på plass ei arbeidsgruppe som skal jobbe med å få til finansiering og ein plan for korleis den kan bli brukt dersom den kjem heim.

MS Sognefjord i Bergen 1982

FILMBÅT: Her står båten i Bergen i 1982 etter at selskapet Filmeffekt AS kjøpte den for å bruke den til filminnspeling.

Foto: Harald Sætre

– Det er ein lang veg frå Malaysia til Sogn, så vi må finne ut korleis vi skal få frakta båten hit, og ikkje minst prisen på dette, seier han.

Håper Riksantikvaren blar opp

Seime har god tru på at Riksantikvaren vil vere interessert i å finansiere eit slikt prosjekt, fordi så mange av dei originale detaljane frå 1950-talet er bevarte.

– Sjølv om båten har vore ute av landet i lang tid, har den framleis dei gode, gamle nynorske plakatane ombord. Det er mange detaljar som har overlevd tidas tann og motstått alle gode idear om ombygging og restaurering, seier Seime.

Entusiastane har vore i kontakt med Riksantikvaren, men har ikkje enno sendt ein formell søknad om støtte.