Hopp til innhold

Treng nye metodar mot stadig meir motstandsdyktig lakselus

Bruken av nær alle legemiddel mot lakselus aukar. Samstundes tyder undersøkingar på at lusa klarer seg stadig betre mot legemidla vi bruker for å ta knekken på den.

Lakselus

AUKANDE PROBLEM: Lakselusa blir stadig meir motstandsdyktig mot legemiddel.

Foto: Marit Hommedal / SCANPIX

Det kjem fram i Veterinærinstituttet sin rapport om fiskehelse for 2014.

– Situasjonen er urovekkjande. Vi ser ei auke i graden av resistens, eller nedsett følsemd mot dei medikamenta som vanlegvis blir brukt mot lus, seier fagansvarleg for fiskehelse, Anne-Gerd Gjevre i Veterinærinstituttet.

Medfører store kostnader

Dermed aukar eit problem som allereie skapar store utfordringar for næringa og fisken i fjorden.

– Når vi ikkje greier å ta knekken på lusa, så held den fram å formeire seg og smittepresset aukar. Det er negativt for både oppdrettsfisk og villfisk, seier Gjevre.

NRK har tidlegare fortalt at oppdrettarar i Sogn og Fjordane brukar millionar av kroner på kampen mot lakselusa. Ola Braanaas i Gulen er ein av dei.

Ola Braanaas

STORE KOSTNADER: Oppdrettar Ola Braanaas i Gulen brukar 30-40 millionar årleg på å bekjempe lakselusa.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– For vår del har vi 30-40 millionar i direkte behandlingskostnader, seier han.

Osland Havbruk i Høyanger har merka at legemidla mot lusa ikkje fungerer like godt som før.

– Problemet vårt er at verkestoffa har lågare effekt og at vi ønskjer å halde eit lågare nivå på bruken for å minke presset på omgjevnadene våre, seier salsansvarleg Erik Osland.

Virus og amøber skaper problem

I tillegg til kampen mot lusa hadde 21 prosent av oppdrettsanlegga i fylket i fjor amøbar på laksen. Dette er lågare enn i nabofylka våre.

Sogn og Fjordane har òg dei siste åra hatt færre tilfelle av virussjukdomen PD, eller pankreassjukdom. Men første halvår i år viser ei negativ utvikling, seier forskar Atle Lillehaug ved Veterinærinstituttet.

– No i første halvår av 2015 har vi uheldigvis hatt ein auke av tilfelle i Sogn og Sunnfjord, medan i Nordfjord er det framleis ein relativt positiv situasjon, seier han.

PD hemmar veksten av fisken. Det er påvist eller mistanke om PD ved 9 lokalitetar i Sogn og Fjordane så langt i 2015.

– Det er framleis langt unna situasjonen i Rogaland og Hordaland, og oppdrettarane lever med PD der òg. Men det er betre å leve utan PD, enn med, seier Lillehaug.

Treng alternativ til legemiddel

Fiskehelserapporten for 2014 viser òg positiv utvikling i næringa. Bruken av antibiotika var i fjor den lågaste i norsk fiskeoppdrett sidan slutten av 1970-talet.

Utfordringa er å finne ei alternativ løysing som verkar på lusa.

Veterinær i Anne-Gerd Gjevre seier det trengst andre metodar enn legemiddel.

– Det er openbert at det er eit stort behov for å finne nye metodar, som kan erstatte medikamenta som ikkje lenger fungerer. Det er stor aktivitet og kreativitet i næringa, nettopp for å finne nye løysingar, seier ho.