Hopp til innhold

Treng minst 250 nye ingeniørar

Sogn og Fjordane treng minst 250 nye ingeniørar innan bygg, anlegg og elfag dei komande åra.

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

VI HA FLEIRE STUDIEPLASSAR: Jenny Følling i KS meiner staten må opprette fleire studieplassar ved høgskulen i fylket.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er i første rekke kommunane som vil mangle denne kompetansen, viser tal som KS har samla inn.

KS-leiar i fylket, Jenny Følling, seier løysinga må vere at staten opprettar fleire studieplassar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Treng meir pengar

Åse Løkeland - rektor HSF

OPNE: Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er open for nye studium.

Foto: HSF
Tor Bremer

FLEIRE: Tor Bremer seier det blir fleire studieplassar på ingeniørstudium, men veit ikkje om det blir fleire i Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Høgskulen har alt starta opp med ingeniørstudium i elfag. Denne utdanninga er startfinansiert av bransjen sjølv, og det er behov for statlege midlar for å vidareføre den, seier Følling.

– Vi treng 20 nye studieplassar på elkraft for å vidareføre den klassen som er starta opp, og potensialet for å vidareføre det.

– Vi treng også tilsvarande når vi skal starte opp byggstudium, seier Følling.

Opne for nye studium

Innspelet frå KS er nytt for Høgskulen. Rektor Åse Løkeland seier førsteprioritet er å få fullfinansiert el-ingeniørstudiet som allereie er starta opp. Ho er samtidig klar på at dei er opne for nye studium.

– Viss vi får finansiering på studieplassar så vil vi vidareføre elkraftstudiet, det vil vere mi tilråding.

– Behovet som er meldt for byggingeniørar er ein kraftig impuls for oss om å setje oss i gang, føresetnaden er at vi får studieplassfinansiering, seier Løkeland.

Veit ikkje om det blir fleire plassar

Tor Bremer frå Ap sit i Utdanningskomiteen på Stortinget. Han seier regjeringa vil auke talet på studieplassar for ingeniør på landsplan. Kor vidt det kjem fleire studieplassar til heimfylket veit han ikkje.

– Det kjem heilt sikker på nasjonalt nivå, og eg trur også det kjem til Vestlandet.

– Så får vi tru at det er argumentert godt for at det kjem til Sogn og Fjordane også, men det står att å sjå, seier Bremer.