Bryggjaværingane har ikkje gitt opp skulen som skal leggast ned til sommaren.
Håpet er at Eid og Selje dermed kan spleise på å halde oppe skulen i 1,5 skuleår. Men Vågsøy reknar prisen årleg til over 4 millionar kroner.
– I utgangspunktet har vi ei budsjettramme på 5,5 millionar. Innsparinga netto vil bli litt mindre, vel fire millionar kroner i året, seier Knut Ove Leite.
I dag har fellesnemnda for Stad kommune i fylgje Fjordabladet vedteke å gå i samtalar med fylkesmannen, departemenet og Vågsøy kommune med mål om å halde oppe skulen fram til 2020. Målet er å finne pengane som trengs.
Frp: Rein sabotasje
Kommunestyrerepresentant Hogne Bleie i Frp, er skaka over prislappen:
– Eg oppfattar det som rein sabotasje. Det betyr i klartekst at Vågsøy kommune tek seg betalt. Det er skammeleg og ein rein hemn mot innbyggarane på Bryggja, seier Bleie.
Bleie seier innsparinga ved å legge ned skulen var rekna til å vere mellom 1 og 2 millionar.
– Dette er tal som også kan bestridast. Det har vore skule på Bryggja i 150 år, no er det snakk om å drive vidare i 1,5 år til, då er dette småpengar, seier Bleie.
Har ikkje fått signal frå Eid og Selje
Rådmann Knut Ove Leite seier dei ikkje har fått signal frå naboordførarane om at dei ynskjer spleiselag:
– Det vi diskuterer er å gjere overgangsordninga lettast mogleg for elevane, seier Leite.
Har fått beskjed om at avgjerda står fast
Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) seier dei har spurt om pris:
– Vi har fått beskjed om at nedlegginga står fast. Vi spurte om prislapp og fekk beskjed om mellom 5–6 millionar per år. I Eid har vi ekstremt tronge rammer, og å finne så mykje pengar er i praksis heilt urealistisk.
Om prislappen til dømes var nærmare 1 million kva då?
– Då måtte vi i tilfelle tatt diskusjonen politisk.
Ei vurdering vi må respektere
Ordførar i Selje Stein Robert Osdal (KrF) seier ein lågare pris kanskje kunne endra biletet politisk:
– Ting hastar. Eg hadde helst sett at dei venta med å legge ned skulen. Men det er ei vurdering Vågsøy kommune gjer sjølv og som vi må respektere, seier Osdal.
Vurderer å selje skulen til bustadar
Rådmannen seier kommunen vurderer å omregulere skulen til bustadføremål:
– Det er ikkje lenge til 1.1.20 så det er vel naturleg at bygget går inn i oppgjeret mellom kommunane, men det som har vore diskutert administrativt er å sjå på annan arealbruk, sidan vi held på med arealplan.
– Kva anna arealbruk?
I tilfelle å knyte det til det eksisterande bustadområdet, men eg trur ikkje vi legg mykje arbeid i det, seier Leite.