Hopp til innhold

Treng fleire fosterheimar

Onsdag held Bufetat i Førde informasjonsmøte for potensielle fosterforeldre for einslege mindreårige flyktningar.

Fosterheim til enslege mindreårige flyktningar

HJELPER KOMMUNANE: Bufetat skal busetje mindreårige med plassering utanfor heimen, rekruttere og formidle fosterheimar, og skal lære opp og rettleie fosterforeldre.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

So langt i år har over 775 born under 15 år kome åleine til landet. I løpet av året er det venta opp mot tusen.

Av dei som har kome til no, har hittil berre 30 vorte busette i fosterheimar. Bufetat veit enno ikkje kor mange heimar det er behov for, men vil vere i forkant.

Difor vil rådgjevar i barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) i Sogn og Fjordane, Rita Tonning, gjerne kome i kontakt med familiar som er interesserte.

– Fosterfamilien må vere stabil, dei må ha alminneleg god helse, ryddig økonomi, plass, tid, overskot og interesse, seier Tonning.

Ho meiner flyktningborna har dei same behova som andre born som vert plassera i fosterheim.

Hjelpsame verjer

Blant dei som treng fosterheim er det flest gutar mellom 11 og 14 år frå Afghanistan, Eritrea, Somalia og Syria.

Ali Akbari

BØR VERE SNILL: Ali Akbari meiner at dei som melder seg som verjer eller fosterfamiliar bør vere snille.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

For sju år sidan kom Ali Akbari (22) til Noreg frå Afghanistan. Då var han 15 år og hadde ikkje rett på fosterheim, men han fekk ei hjelpeverje. Ho vart viktig for han.

– Bente var veldig viktig for meg, ho hjelpte meg masse. Då eg kom i situasjonar kor eg trengde hjelp, var det Bente eg spurde, seier han.

I dag er Akbari røyrleggjarlærling i Florø, han har fått seg vener, snakkar godt norsk og jobbar på Rema 1000.

Kremjobb

Verga til Akbari, Bente Nygård, har gjennom fleire år vore verje for einslege flyktningar mellom 15 og 18 år. Som verje er hennar primære oppgåve å trygge den mindreårige flyktningens juridiske rettar i Noreg, men også meir sosiale ting.

Bente Nygård

VERJE: Om få veker får Bente Nygård i Florø nye born å vere verje for. Denne gongen frå Eritrea.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– Det kjem an på kjemien, men eg brukar å invitere "borna mine" heim til jul og nyttår, og til middag på sundagar, seier Nygård.

Ho trur det krev meir å vere fosterforelder enn å vere verje, men at ikkje det heller er nokon umogeleg oppgåve.

– At nokon treng meg og spør meg om hjelp, det gjer meg glad. Det er ein kremjobb, seier ho.

Håpar på godt oppmøte

Medan Akbari var over 15 år då han kom, og berre trengde verje, kjem det no mange under 15 år som treng fosterheimar.

Onsdag arrangerer Bufetat eit informasjonsmøte om å vere fosterforeldre for denne gruppa flyktningar.

På same type informasjonsmøte i Rogaland og Hordaland var oppmøtet rekordhøgt. Tonning i fosterbarnstjenesta er spent på oppmøtet i Sogn og Fjordane.

– Vi har aldri nok fosterfamiliar. Behovet varierer, og vi treng stadig fleire. Eg håpar mange kjem, seier ho.