Hopp til innhold

Vektløftartalent får ikkje reise til EM

Sjølv om Tore Gjøringbø klarer krava får vektløftaren ikkje reise til EM. Trenar Gunnar Reiakvam har sett seg nøydd til å avgrense den talentfulle vektløftaren.

Tore Gjøringbø under NM i Naustdal 2012

FAVORITT: Tore Gjøringbø under eit tidlegare NM i år.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tore Gjøringbø på Tambarskjelvar skal delta i to klassar på lag-NM i Naustdal i helga.

Han kjem til å satsa på å klare krava til ein EM-kvalifikasjon. Men han får ikkje lov til å reise.

– Han har hatt eit tøft år med mange stemne og mykje trening. Tore er ung og lovande, så eg må avgrensa han litt, seier trenar for Tambarskjelvar Gunnar Reiakvam.

– Kjipt, men ...

Tore Gjøringbø sjølv tykkjer at forma er ganske bra. Han har tidlegare sagt at han vil reise til EM.

EM-krava ligg på kring 320 poeng. Dette er ein poengsum rekna ut etter vekta på utøvaren og tyngda han løftar.

– Det er kjipt at eg ikkje får reisa. Men det har vore eit hardt år, og eg har vore på mange stemne, seier han.

Eliteklassa

Etter NM i helga skal han ha ei roleg veke utan mykje trening, før han på nytt går inn for fullt.

– Eg håpar på gull i helga, seier Gjøringbø.

Han kjem til å løfta i junior- og eliteklassen i helga.

På elitelaget til Tambarskjelvar er det ein ute med skade, difor steppar Gjøringbø inn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tambarskjelvar

TAMBARSKJELVAR: Laget til Tambarskjelvar under NM i fjor.

Foto: Jørn Helgheim

Brodd håpar på siger

Det er Hans Sande i Brodd frå Gloppen glad for. Dei stiller med eit lag i ungdomsklassen.

– Utan Gjøringbø på laget har vi større sjanse mot Tambarskjelvar, seier Sande.

Han meiner likevel at Larvik er deira største konkurrent i ungdomsklassen. Men forma til Brodd har vore god i det siste. Det har også trenaren til Tambarskjelvar lagt merke til.

Trur på medaljar

– Brodd sitt ungdomslag er sterke konkurrentar, seier Gunnar Reiakvam.

Det er Tambarskjelvar som arrangerer lag-NM i Naustdalshallen denne gongen.

I helga stiller dei fire beste laga i kvar klasse frå heile landet til ein «finale». Då vert alle poenga dei har samla til no sletta og dei stiller likt.

– Også damelaget vårt kan hevda seg, seier Reiakvam.