Hopp til innhold

Trenar angreip dommar (16)

Ein 16 år gamal fotballdommar vart i helga angripen av ein sint trenar. Trenaren skal ha gått fysisk til angrep og skjelt ut den unge dommaren.

Øystein Østvik

ANGRIPEN: Øystein Østvik opplevde at ein trenar gjekk til fysisk angrep på han under ei fotballturnering.

Foto: Silje Guddal / NRK

Øystein Østvik startar på dommarkarrieren i vår. Etter ein episode under turneringa Førde Cup i helga har han ikkje vore like sikker på om han vil halde fram.

Han opplevde nemleg at ein vaksen mann gjekk til angrep på han.

– Han tok tak i kragen og drog meg bakover

Det var under semifinalen i småguteklassen at episoden fann stad. Tambarskjelvar stakk av med sigeren 4–3 over Bergenslaget Hovding.

Trenaren på Hovding skal ha vore svært misnøgd med dømminga og etter kampen lot han sinne gå ut over den unge dommaren.

– Då kampen var slutt kom trenaren springande over bana. Han tok tak i kragen på dommardrakta mi og løfta og drog meg bakover, seier Østvik til NRK.no.

Han vart nært mållaus av opptrinnet der han vart dytta inn i veggen. 16-åringen opplevde det som svært ubehageleg.

– Han såg veldig sint ut. Då han kom og tok tak i meg vart eg sjokkert, vedgår den unge dommaren.

Usamde om regelverk

Øystein Østvik

SKAKA: Øystein Østvik (16) vart sjokkert over oppførselen til den vaksne trenaren.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Bakgrunnen for misnøya med Østvik si dømming skal ha vore usemje om kva reglar som gjeld. Under kampen gav Østvik beskjed om at keeperen ikkje har lov til å kaste ballen over midtbana.

Dommaren meiner laget ikkje hadde gjort seg kjent med desse reglane, medan motstandarlaget meinte desse reglane ikkje kunne stemme.

– Dei ropte og skreik at dette berre var tull. Dei meinte det var fullstendig lovleg og sa dei ville leggje inn protest, fortel Østvik til NRK.no.

Beklagar på det sterkaste

Den aktuelle fotballtrenaren meiner på si side at heile saka er hausa opp. Han seier han ikkje meinte å vere aggressiv.

– Det er utruleg kjedeleg og beklageleg viss dommaren oppfatta det på denne måten, seier trenaren.

Trenaren vedgår samtidig at han kan ha gått over streken.

– Det var absolutt ikkje meininga å gå over streken, dersom eg har gjort det. Det beklagar eg verkeleg, seier trenaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Robert Endestad

UAKSEPTABELT: Dommaransvarleg i Sogn og Fjordane fotballkrins, Robert Endestad er skremd over oppførselen.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Dommaransvarleg: – Heilt uakseptabelt

Det skal ha vore fleire som fekk med seg opptrinnet etter kampen. Mellom anna skal speaker i hallen ha snakka til trenaren over høgtalaranlegget og bedt han roe seg. Det skal ikkje ha nytta.

Robert Endestad som er dommaransvarleg i fotballkretsen seier dei har nulltoleranse for denne typen oppførsel.

– Vi har opplevd at dommarar har gitt seg på bakgrunn av slike episodar, seier Endestad.

Fryktar unge dommarar vert skremde vekk

Det er ikkje lenge sidan ein annan trenar skal ha teke kvelartak på ein 15-år gamal spelar.

Endestad seier aggressiv oppførsel smittar over på spelarane og er svært skadeleg for rekrutteringa til dommarstanden. Denne problemstillinga har vore oppe gjentekne gonger, og det har lenge vore problem å skaffe nok dommarar.

– Skal vi få med oss fleire dommarar må vi ha vekke slike episodar. Det er heilt uakseptabelt for foreldre og trenarar å oppføre seg slik, seier Endestad.

Håpar å halde fram

Østvik var tydeleg prega etter episoden. Han skulle eigentleg dømme fleire kampar same dag.

– Det sette preg på meg, og eg valde å stå over dei siste kampane den dagen, seier Østvik og legg til:

– Men eg vil halde fram med å dømme.

Hovding skulle eigentleg spele bronsefinale, men etter opptrinnet valde dei å trekkje seg.