Hopp til innhold

Treninga blei medisin mot pillemisbruket

Geir Reidar Hestetun sprang seg vekk frå rusmisbruk, angst og depresjon. No tek han med seg treningskameraten Anita Rinde til knallhardt løp i hovudstaden.

Anita Rinde og Geir Reidar Hestetun

TRENINGSVENER: Anita Rinde fekk hjelp til å kome seg ut av mange år med rusmisbruk. Trening og motivasjon frå Geir Reidar Hestetun var løysinga.

Foto: Sindre Lingås Haukedal / NRK

– Då eg var 106 kilo var det ein som sa til meg at eg var feit. Då heiv eg pillene mine på ei elv. Men det var nokon harde tre månader. Då måtte eg jobbe for å bli pillefri, og no har eg ikkje smakt ei pille på fleire år, seier Geir Reidar Hestetun til NRK.

Sidan han droppa tablettane og byrja å bruke trening til å takle depresjonen og den sosiale angsten sin, har Hestetun i samarbeid med Nav hjelpt folk som slit gjennom trening.

Hestetun fortalde historia si til Porten.no i førre veke og forklarer at vegen til eit tablettfritt liv har vore slitsamt, men at han no klarer seg betre gjennom dei tunge periodane sine.

Han fortel at trening, i tillegg til ei kjensle av meistring kan gi store psykiske og sosiale gevinstar.

– Eg gjekk mykje og gøymde meg og var ikkje sosial i det heile. Men eg pressa meg sjølv, og etter ei tid gjekk det betre og betre. Det er tøft, men det går an.

Meiner det er for mykje medisin

Hestetun trur fleire også andre stadar kunne hatt gevinst av liknande opplegg som det han har hatt. Gjennom engasjementet sitt i Nav hjelper han folk til å trene med noko dei sjølv likar. Han synest det for mykje medisinering i dagens samfunn.

– Det er alt for lett for ein med angst i dag og berre sope i seg masse piller.

Hestetun meiner at i staden burde langt fleire bruke hans metode, der trening og knallhard motivasjon står i fokus.

– Når ein har kome over den terskelen, så hjelper det. Det er ein metode som burde vore brukt over heile landet, ein kan ikkje berre dope ned folk.

Geir Reidar Hestetun og Anita Rinde

TOMMELEN OPP: Geir Reidar Hestetun meiner at Anita Rinde si historie gjev håp for andre med rusproblem.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Rusa seg i 17 år

Ei av dei som trenar med Hestetun er Anita Rinde. Då ho var 30 år mista ho mannen sin og vart åleine med fire ungar. Etter det følgde 17 år med rusproblem. Det siste året har ho trent med Hestetun og blitt rusfri. Ho fortel at det første steget var vanskeleg.

– Eg gjekk på Torget, hadde vore nede og fått meg eit skot. Så seier han at eg skulle kome her, og bli med på trening. Eg følte at eg ikkje hadde noko val. Han var veldig streng, men sidan har det berre gått framover.

Skal springe i Oslo

Laurdag kjem resultatet av eit års trening, då skal Rinde og Hestetun til Oslo og springe sentrumsløpet.

Sentrumsløpet er eit tikilometersløp i Oslo sentrum, og turen til Oslo er sponsa av fleire lokale aktørar. Rinde fortel at sentrumsløpet heilt klart blir ei ny oppleving.

– Det kan bli tøft, men eg gleda meg no, smiler Rinde.