Brannvesenet dreiv framleis med ettersløkkjing etter storbrannen på Khronstad i Bergen fredag.
Alt innventar i verkstaden er øydelagd av brannen.
Fjerde generasjons bedrift
Det var ei av bergens mest tradisjonsrike handverksbedrifter som natt til fredag brann ned til grunnen.
Nævdal Snekkeri har drive snekkeri i over hundre år.
No er det fjerde generasjon som står for drifta.
Mange viktige oppdrag
Det tradisjonsrike snekkeriet har blant anna vore ansvarleg for byggjinga av Ole Bull slott på Lysøen.
I tillegg har bedrifta bygd TV2 sitt nyeheitsstudio, innreia hurtigruteskip og bygd både nye møblar og restaurert gamle.
Store verdiar gått tapt
Verkstadshallen som brann var full av kostbare maskinar og verktøy.
Også varer som kan vere svært vedifulle for folk er borte.
Ein anslår at verdiar for mange millionar er gått tapt i brannen.
Tung dag for dei tilsette
For dei 13 tilsette på snekkeriet var det tungt å komme på jobb.
Snekker, Bjørn Haukås, har vore i bedrifta i heile 42 år.
Dagleg leiar og snekkermeister, Jannicke Nævdal, synes også det var tungt å møte dei tilsette.
Gir ikkje opp
Men trass i ei nedbrend bedrift og milliontap gir ikkje Nævdal opp.
Bedrifta er allereie i gong med det vidare arbeidet, seier den daglege leiaren.