Hopp til innhold

Trekker seg frå Norway Cup

Fleire lag droppar Norway Cup på grunn av terrortrusselen. – Dette gjer me ikkje med lett hjarte, seier trenar i Ulvik IL Ingvild Seljeseth Winters.

Norway cup

TREKKER SEG: Ulvik gutar 13 er eit av laga som no har vald å trekke seg frå Norway Cup på grunn av den varsla terrortrusselen mot Noreg. – Både foreldre og nokre av spelarane vart skremte av terrorvarselet. Eit fleirtal av foreldra meinte me burde avlyse turen i år, seier trenar Ingvild Seljeseth Winters. Biletet er frå fjorårets Norway Cup.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Både foreldre og nokre av spelarane vart skremte av terrorvarselet. Eit fleirtal av foreldra meinte me burde avlyse turen i år.

Trenar i Ulvik gutar 13, Ingvild Seljeseth Winters

På grunn av den varsla terrortrusselen mot Noreg har no fleire lag vald å trekke seg frå fotballturneringa, Norway Cup, som startar i morgon.

Ulvik gutar 13 hadde sjølv samla inn nesten alle pengane til turen det siste året. No har foreldre og trenar vald å avlyse turen, skriv avisa Hordaland.

– Dette er ikkje noko me gjer med lett hjarte. Gutane har gleda seg til dette lenge, seier trenar Ingvild Seljeseth Winters, til NRK.

– Gutane er sjølvsagt veldig skuffa. Men dei forstår avgjersla, og nokre av dei blei også litt letta.

Leiinga i Ulvik IL, foreldre og spelarar hadde eit møte torsdagskveld der dei blei einige om at dersom situasjonen ikkje endra seg til helga, kom dei ikkje til å reise.

– Både foreldre og nokre av spelarane vart skremte av terrorvarselet. Eit fleirtal av foreldra meinte me burde avlyse turen i år, seier Winters.

Beredskapen på cupen er auka

Cato Løken

TRYGT: Sikkerheitssjef Cato Løken seier leiinga i Norway Cup føl råda til politiet og oppfordrar folk til å delta på arrangementet.

Foto: Norway Cup/Torbjørn Andersen

Norway Cup startar søndag og trekkjer titusenar av deltakande barn og unge og tilskodarar til Ekebergsletta i Oslo.

Etter terrortrugslar vert beredskapen på cupen i år auka. Men Sikkerheitssjefen er ikkje uroa.

– Ekebergssletta er truleg den tryggaste staden å opphalde seg i Noreg. Her er så gode sikkerheitstiltak og mykje synleg politi på eit relativt avgrensa område at det skal mykje til for at noko skjer her, seier Cato Løken, ansvarleg for sikkerheita på Norway Cup.

«Det er som eit flashback»

For fotballdommarane Nahom Johannes (18) og Didrik Wolf Vatne (18) vekker årets cup minner frå 22. juli. – Me kan ikkje berre sitte å vere redde, men det blir nok litt vanskeleg å sove godt, seier Johannes.

Norwaycup

SKREMMANDE: – Eg må innrømme at eg syns det er veldig skremmande. Eg skjønar kor alvorleg det er når eg ser politiet gå rundt med våpen på seg, seier Johannes.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Johannes og Wolf Vatne seier dei måtte gå nokre rundar med seg sjølv når dei høyrde om terrortrugslane torsdag. Det vekte minner frå cupen for tre år sidan.

– Me var begge der i 2011 etter teorrorangrepet. Dette er som eit flashback. Norway Cup er jo eit truga området sidan arrangementet er så stort, seier Wolf Vatne.

– Er de uroa?

– Eg må innrømme at eg syns det er veldig skremmande. Eg skjønar kor alvorleg det er når eg ser politiet gå rundt med våpen på seg, seier Johannes.

Vurderte å ikkje reise

Sjølv om dei to gutane er uroa over trugslane bestemte dei seg for å reise og vere med på arrangementet på Ekerbegsletta.

– Det blir jo for dumt å sitte å vere redde. Me er jo dommarar og skal jo eigentleg vere rollemodellar, seier Wolf Vatne.

Leiinga i Norway Cup fortel at dei har fått fleire førespurnader frå lag som har vurdert å trekkje seg frå cupen.

– Me vart akkurat kontakta av eit jentelag frå Bergen der over halvparten av jentene på laget hadde bestemt seg for å ikkje reise fordi dei var redde. Dei ringde til oss for å høyre om det var utrygt å reise, men me fortalde om gode sikkerheitstiltak og dei bestemte seg for å reise likevel, seier Løken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norway cup

UROA: Nahom Johannes (18) og Didrik Wolf Vatne (18) tek terrortrugslane på alvor. Dei vurderte å ikkje reise på Norway Cup i år då dei høyrde om trugslane. Men Cato Løken, sikkerheitssjef på Norway Cup, meiner Ekebergsletta er blant ei tryggaste plassane å vere.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Føl råda til politiet

– Er det ansvarleg å oppfordre folk til å reise?

– Ekebergsletta og Norway Cup er ein særs trygg stad å vere. Også i år. Norway Cup held seg dessutan fullt og heilt til dei råda politiet gir. Så lenge dei seier at me skal arrangere turnering som normalt gjer me det, fortel Løken.

– Kva seier de til dei som kontaktar dykk og ikkje vil reise?

– At me ikkje kan garantere for sikkerheita til nokon. Det kan me aldri. Men me har ein tilstrekkeleg beredskap for å kunne arrangere ei trygg turnering, seier sikkerheitssjefen.

– Me gler oss jo sjølv om det er skummel. Det gjekk fint i 2011 og det går nok fint i år og, seier Wolf Vatne.