Trekker hotellplanar

Aurland går glipp av eit nytt hotell og sjøbuer etter at hotellplanar til 120 millionar er trekte. Det skriv Porten.no. Brødrene Wangen ville bygge eit nytt hotell med 50 rom i Aurland sentrum, men både Riksantikvaren og Fylkeskommunen har meint at dette ville skape uro i høve den freda kyrkja og at hotellet ville bli for dominerande. Utfordringane med å få godkjent hotellet gjer at Brødrene Wangen trekkjer planane sine.