Hopp til innhold

Tre ungdommar køyrde utfor vegen

Politi og ambulanse rykka ut til ei utforkøyring på Bømlo. Dei tre involverte slapp uskadd frå ulukka.

Utforkøyring på Bømlo

– Bilen er ikkje køyrbar så vi har rekvirert bergingsbil, fortel operasjonsleiar Tore Frøyland-Jensen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Dei fekk melding om utforkøyringa på fylkesveg 542 like før klokka 16.00. Tre ungdommar er involvert i ulukka.

– Dei vert sjekka av ambulanse på staden. Skadeomfanget er ikkje kjent.

Ulukka har skjedd i 80-sona i Foldrøydalen ved Bremnes. Bileigar er i byrjinga av 20-åra.

- Ingen personskader

Det var to gutar og ei jente i starten av 20-åra som var involvert i ulukka. Dei tok seg ut av bilen for eiga hand før ambulanse kom til staden.

- Dei er alle uskadd. Bilen har køyrt av vegen på venstre side, i ein venstresving. Så dei har kryssa motgåande køyrefelt før dei hamna i grøfta, forklarer operasjonsleiar Frøyland-Jensen.

Det er ikkje mistanke om promille men det er oppretta sak på aktlaus køyring. Bileigaren i 20-åra må dermed forklara seg for lensmannen.