TRE ULUKKER PÅ EIN HALVTIME:

Mellom 16.12 og 16.37 blei naudetatane varsla om tre trafikkulukker i Bergen. Ein bil på velta på Totland, der føraren er sendt til legevakta for ein sjekk. Tre bilar og seks personar har vore involvert i ei ulukke på Birkelundstoppen, ingen er alvorleg skadd. To bilar har kollidert på Ågotnes, der ein person melder om nakkesmerter. – Trafikken går greitt alle stadar, men det kan bli litt kø forbi Birkelundstoppen, seier operasjonsleiar Terje Erichsen.