Hopp til innhold

Knallhard konflikt ved apoteket på Haukeland

Tre varslarar står fram med kritikk mot toppleiinga ved Sjukehusapoteka Vest. Tilsette fryktar mangel på viktig medisin om ikkje det blir rydda opp.

ACETATBUFFER PH=4,7 SKYLLEVÆSKE

SISTE FLASKE PÅ LAGER: Acetat-buffer blir brukt på huda ved brannskadar.

Foto: Sjukehusapoteket i Bergen

Det er knallharde frontar og stor konflikt kring sjukehusapoteket i Bergen som har 135 tilsette.

– Dette er siste flaska vi har på lager, seier farmasøyt Gunvor Johnsen.

Ho fryktar mangel på viktig medisin for brannskadde, apoteket på Haukeland i Bergen er eitt av to apotek som produserer slikt i Noreg.

Den store bekymringa er eit vassanlegg som dei meiner er for gamalt, og som over tid har vore ute av drift. Apoteket treng utstyret til å produsere sterile legemiddel.

Gunvor Johnsen

Farmasøyt Gunvor Johnsen er avdelingsleiar ved Sjukehusapoteket i Bergen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

NRK var invitert til å kome inn i produksjonslokala til sjukehusapoteket i Bergen.

Men dei tilsette vart nekta av administrerande direktør Jon Bolstad i Sjukehusapoteka Vest å sleppe NRK inn.

– Det kunne vore bra å sleppe media inn og vise det viktige arbeidet vi gjer, seier Johnsen.

Destillasjonsanlegg på Haukeland

Eit vassanlegg som leverer sterilt vatn har vore ute av drift i store delar av 2022 og så langt i 2023.

Foto: Sjukehusapoteket i Bergen

Stengde dørene for media

Dei tilsette ville vise fram utstyr dei meiner er i dårleg stand og utdatert.

– Eg hadde sterkt håpa de kunne kome inn. Det blir opplevd som kjipt for å vere ærleg, seier leiaren for sjukehusapoteket i Bergen Pål Espen Johannessen.

Han har sendt eit alvorleg varsel om forholda ved apoteket. Der fryktar han i ytste konsekvens for liv og helse.

Dei siste vekene er det også oppretta ei personalsak mot han som kan ende med oppseiing.

Administrerande direktør Jon Bolstad forklarar stenginga for media med at dei tilsette treng arbeidsro. Han seier NRK kan vere velkomne ved eit seinare tidspunkt.

Administrerende direktør i Sjukehusapoteka Vest, Jon Bolstad

Administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest, Jon Bolstad.

Foto: Mette Anthun / NRK

Tre ulike varsel

Dei siste vekene er det i alt kome inn tre varsel til mellom anna styret i Sjukehusapoteka Vest om arbeidsforholda ved sjukehusapoteket i Bergen.

  • Sjukehus-apotekar Pål Espen Johannessen meiner føretaket opplev eit uforsvarleg arbeidsmiljø, og ein betydeleg fryktkultur. Han meiner dei tilsette står på grensa til eit uforsvarleg arbeidspress, som gir auka risiko for feil.
  • Plasstillitsvald for farmasøytane ved Sjukehusapoteka, Oddgeir Selaas, har varsla. Han vil ikkje gå inn på detaljane i varselet, men seier han har varsla via dei formelle kanalane.
  • Også Johannessen sin forgjengar, som var i jobben til 2020, Roy Rangjord, har levert inn varsel til styret.

– Basert på det som kjem fram i media, kan eg stille meg bak Johannessen si skildring av dårleg samarbeidsklima med leiing. Noko som også er ei sterkt medverkande årsak til at eg sjølv valde å seie opp stillinga, seier Rangjord til NRK.

Tillitsvald Oddgeir Selaas fortel om ei tøff tid på arbeidsplassen.

– Det er ein vanskeleg situasjon for oss som jobbar her. Eg har ei klar forventing om at varsla blir tatt med det alvoret dei fortener med tanke på alle dei som er involvert.

 sjukehusapoteket på Haukeland
Foto: Gerd Johanne Braadland

Vil ikkje kommentere

I går kveld var det ekstraordinært styremøte i Sjukehusapoteka Vest.

Styreleiar Trude Risnes vil ikkje gå i detalj på korleis styret handterer varsla.

– Vi føl gjeldande retningsliner i føretaket som er basert på Arbeidsmiljølova. Utover dette har eg ingen kommentarar.

Administrerande direktør Jon Bolstad vil ikkje kommentere saka ytterlegare.

Men kommunikasjonssjef Bernt Flekke viser til tal frå den årlege «forbetringsundersøkinga» som blir gjort i heile Helse Vest.

Der oppnår Sjukehusapoteket i Bergen 86 av 100 poeng frå dei tilsette om «det er trygt å seie frå om kritikkverdige tilhøve». Det er høgare enn snittet i heile Helse Vest.

Utdraget av undersøkinga Flekke viser til gir ikkje svar på om det finst enkeltmedarbeidarar som er heilt usamde.

Fryktar medisinmangel

Denne veka kom Legemiddelverket på tilsyn til Sjukehusapoteket i Bergen. Bakgrunnen var apoteksjef Johannessen si bekymringsmelding.

Ifylgje Flekke er den førebelse tilbakemeldinga at dei ikkje fann kritiske avvik.

Legemiddelverket vil ikkje kommentere før tilsynsrapporten er ferdig, og seier dei ikkje har konkludert.

Apoteksjef for sjukehusapoteket på Haukeland Pål Espen Johannessen.

Leiar for sjukehusapoteket i Bergen Pål Espen Johannessen er ein av dei som har varsla.

Foto: Gerd Johanne Braadland

– Har ei flaske att

På apoteket viser farmasøyt Gunvor Johnsen fram det som er den siste store flaska med Acetat-buffer. Eit preparat som blir brukt i såra til brannskadde.

– Om det er ei stor ulukke er det ikkje sikkert det er nok til alle. Eg synest det er hårreisande at vi ikkje har eit vassanlegg som fungerer.

NRK har sjekka med Nasjonalt brannskadesenter på Haukeland som nyttar preparatet.

– Me har ikkje ei god lagerbehaldning med tanke på vårt årlege forbruk, men dette er eit preparat som vi har alternativ til, seier avdelingssjef Hans Christian Sylvester-Johnsen.

Sylvester-Johnsen har blitt merksam på situasjonen ved apoteket via media. Han seier dei ikkje er bekymra, og at dei har fått erfaring i å skaffe alternativt utstyr i ei tid med generelt store leveringsvanskar.

– Vi er derfor nokså godt drivne på det.