Hopp til innhold

Tre tiltalte for «Nigeria-svindel»

Tre nordfjordingar er tiltalte for å ha svindla tre sambygdingar for nesten to millionar kroner.

Jørn Lasse Refsnes

SPESIELL SAK: Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes i Sogn og Fjordane politidistrikt seier han aldri har vore borti noko liknande.

Sunnmørsposten på nett skriv at dei har blitt svindla etter ein metode som liknar på såkalla «Nigeriasvindel».

– Saka er spesiell. Eg har aldri vore borti noko liknande, seier politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes i Sogn og Fjordane politidistrikt til nettavisa.

Dei tre som er tiltalte er ein mann i 40-åra, kona og svigermora. Dei tiltalte skal ha fått låne pengar frå tre ulike personar ved å seie at pengane gjekk til ein gullkanta avtale og var ei gunstig investering.

Politiet meiner derimot at pengane gjekk til forbruk, og dei tre som vart svindla fekk aldri tilbakebetalt låna.

Dei tre som lånte ut pengane, skal heile tida ha fått beskjed om at pengane straks skulle komme.

– Saka liknar på Nigeria-svindel. Dette er i eit nærmiljø, men liknar svindel vi har sett på nett. Dei som har lånt ut pengane får heile tida beskjed om anten må dei betale meir eller så risikerer dei å tape pengar.

Ekteparet er også tiltalt for forsøk på forsikringssvindel. Advokaten deira kan førebels ikkje kommentere saka.