Hopp til innhold

Tre surrogatfedre fortel: – Jula har fått ny meining

For snart eit år sidan kom Ingrid til verda ved hjelp av surrogati. For pappa Gjert-Anders Askevold blei årets jul heilt ny og annleis.

Før var jula høgtida for sakn og lengsel. No har vesle Ingrid gitt jula ny meining for Gjert-Anders Askevold.

SAKNET ETTER FAMILIE: Lengselen etter eige barn blei større dess åra gjekk, og særskilt i jula, seier Gjert-Anders Askevold.

Foto: Thomas Thorsen

– Det var nærast uverkeleg då eg heldt ho. Samstundes gjekk det opp for meg. Dette er mi dotter, min unge, seier Gjert-Anders Askevold.

På fanget sit Ingrid. Ho er lys, har blå augo og liknar på pappaen sin.

20. januar 2020 kom ho til verda ved hjelp av surrogati.

Lengselen etter eige barn blei større dess åra gjekk, og særskilt i jula, fortel Askevold.

– Når andre familiar samlast, samlar dei barn og barneborn. Eg har følt veldig på det: At familien min ikkje veks, men blir mindre.

Det er i dag ingen som registrerer kor mange barn som kjem til verda som surrogatbarn i Noreg. Personvernet hindrar det.

Men stadig fleire torer no å snakke om det, og om gleda av å bli foreldre på ein utradisjonell måte.

Geir Kvarme

BRINGA VIDARE: – Ein prøver å leva opp til borna sine forventningar om jul, og blir bevisst på kva for tradisjonar frå barndommen ein ønsker å bringa vidare, seier Geir Kvarme.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

Fekk surrogat-tvillingar

Ein av dei er skodespelaren Geir Kvarme. Tvillingane hans, Anna og Nola, kom til verda på eit katolsk sjukehus i California i 2007.

No har han og ektemannen Sebastian Sundberg Kvarme laga nye juletradisjonar.

– Til dømes måtte eg vente med alle pakkar til etter middagen. Det tykte eg var litt ulideleg. Vi let barna fordele litt utover ettermiddagen og kvelden etter deira ønske. Då blir det også kvar enkelt gåve tydelegare, seier Kvarme til NRK.

I livet som tobarnsfar har Kvarme også tatt ungane med i kyrkja på julaftan. I år blir eit unntak, og det tykkjer han er sørgeleg.

– Ein prøver å leve opp til barna sine forventningar om jul og blir bevisste på kva eigne tradisjonar ein opplevde som barn sjølv.

Å feira jul med eigne born

– Eg hugsar følelsen: Å kunna feira jul med eigne born for første gong, seier Harald Natvik.

Han er administrator for Facebookgruppa «Surrogati for nordmenn – info og støttegruppe».

Via surrogati fekk han og kona Ida tvillingar i 2014. På grunn av livmorhalskreft kunne Ida ikkje føda eigne born.

Han trur fleire kjenner på at lengselen etter barn er ekstra sår i jula.

– I Facebookgruppa har vi ikkje diskutert dette direkte, men ein kan lesa det gjennom linjene. Det er klart det kjennest litt bittersøtt å høyra nyheita om familieauke, viss du sjølv ikkje er komen der.

Harald Natvik saman med borna Marie og Even og kona Ida.

JUL MED EIGNE BORN: Harald saman med borna Marie og Even og kona Ida.

Foto: Privat