Tre Sogndal-spelarar i G19-troppen

Sogndalsspelarane Ørjan Hopen, Eivind Daniel Røed og Gustav Valsvik er alle tekne ut til G19-troppen som skal spele to kampar mot Polen.

Gustav Valsvik

REISER TIL POLEN: 17-åringen Gustav Valsvik får prøvd seg i G19-troppen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Samlinga i Polen varer frå 24. - 29. mars. Gustav Valvik får Vik er berre 17 år, men er likevel utteken til G19-landslaget. Sogndaltrenar Harald Aabrekk tykkjer det er stas at dei tre igjen får prøve seg på landslaget.

– Dette tykkjer eg er veldig kjekt og eg er stolt. Dette er ein stor prestasjon av liten klubb.

Førstkommande søndag er det seriestart i eliteserien. Deretter er det to veker til neste runde. Dermed er det uproblematisk for Aabrekk å sende unggutane til Polen, sjølv om laget hans har ein treningskamp mot Løv Ham.

– Alle tre får sjølvsagt reise. Det er bra at dei får prøvd seg mot utanlandske lag. Eg trur dei får ei god opppleving med to gode kampar. Slike samlingar er viktige både for dei og oss.