Tre russ innlagde på sjukehus: – Uklart kva dei fekk i seg

BERGEN SENTRUM (NRK): Politiet oppmodar russ til å halda kontroll på eigne drikkevarer. Tre russ havna på sjukehus med symptom ein ikkje får frå vanleg alkohol, men mistanken om metanol er avkrefta.

Lars Morten Lothe, stasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon

FEKK BEKYMRINGSMELDING: Politiet fekk bekymringsmelding frå Haukeland etter at minst tre russ blei innlagde med nevrologiske symptom i helga, seier stasjonssjef Lars Morten Lothe ved Bergen sentrum politistasjon. Metanolmistanken er tilbakevist.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Det var mistanke om at dei tre hadde fått i seg metanol, men prøver frå Haukeland universitetssjukehus viser at det ikkje var metanol, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen.

– At det var noko anna enn vanleg alkohol er klart, men det er ikkje metanol, seier han til NRK.

Politiet gjekk måndag ut på Facebook og åtvara om at det kan vera metanol i omløp blant russen i bergensområdet. Dei tilråda russen om å passa på eigne drikkevarer og ikkje ta imot sprit eller alkohol frå andre.

Pass på eige drikke og ikkje ta imot sprit/alkohol frå andre! Politiet har grunn til å tru at det kan vera metanol i...

Posted by Politiet i Bergen, Askøy og Øygarden on Monday, April 29, 2019

Bekymringsmelding frå Haukeland

I løpet av helga hadde sjukehuset fått inn minst tre russ med nevrologiske symptom.

– Dette er symptom som ein ikkje forventar frå vanleg alkohol. For sikkerheits skuld blei me varsla, fordi dei meinte at det moglegvis kunne vera metanol, seier Bente Liland, leiar på kriminalitetsførebyggande avsnitt ved Bergen sentrum politistasjon.

Sjølv om dette no er tilbakevist, oppmodar framleis sjukehuset russen til å halda kontroll på eigne drikkevarer.

– Det er uklart kva dei fekk i seg, seier Vigander hjå sjukehuset.

Lars Morten Lothe, stasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon, seier at tilstanden til russen som er innlagde er ukjend.

Haukeland universitetssjukehus

TRE RUSS INNLAGDE: Haukeland varsla politiet då dei mistenkte metanolforgifting hjå fleire pasientar. No er mistanken avkrefta.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Veldig skummelt

Politiet har direkte kontakt med hovudrussestyret og seier at russen også tek situasjonen alvorleg.

– Det er veldig skummelt, spesielt om det er noko som er organisert, seier russepresident i Bergen, Benjamin Bjordal, til NRK.

Han oppmodar medrussen om å passa på seg sjølv og andre rundt.

Bergen sentrum politistasjon

ÅTVARAR: Politiet åtvarar russen mot å ta imot sprit eller alkohol frå andre.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Neddoping

Arrangementssjef og tidlegare russepresident, Sebastian Hauan Stenberg, opplyser at dei ikkje tillèt folk å ta med eigen alkohol på arrangementa sine.

Stenberg påpeiker at neddoping var eit problem då han var president for bergensrussen i fjor. Også i 2016 kom det rapportar om dette.

Han legg vekt på sikkerheita ved russearrangementa og fortel at dei har god dialog med politiet.

– Anbefalingane eg gav til min medruss var at alle må hugsa å ha tut på flaskene. I tillegg hadde me fast politibeskytting på stadane me var på, seier Stenberg.

Arrangemetsjef Sebastian Hauan Stenberg

IKKJE TILLATT MED EIGEN ALKOHOL: Arrangementssjef og tidlegare russepresident, Sebastian Hauan Stenberg, opplyser at dei ikkje tillèt folk å ta med eigen alkohol på arrangementa sine.

Foto: privat