Hopp til innhold

Tre menn tiltalte for dobbeldrapet i Bergen

To personar vart drepne på eit hospits og deretter frakta over tjue kilometer før dei vart forsøkt gøymde i ei elv. Totalt fem menn er tiltalte i saka.

Dronebilde av funnstedet ved Osavatnet i Arna. Dobbeltdrapssaken

BLODIGE GJENSTANDAR: Turgåarar reagerte på funn av blodige gjenstandar og varsla politiet 13. januar 2020. Under ei presenning fann krimteknikarar først ei død kvinne, og så ein død mann.

Foto: Odd Arne Olderbakk/Sindre Skrede / NRK

Det var 13. januar i fjor at Silje Helen Kvandal (29) og Jan-Øystein Ask Hilby (42) vart funne drepne ved Osavatnet nær Gullfjellet i Bergen.

Det vart starten på ei stor etterforsking for bergenspolitiet. Etter ei veke var totalt fem menn sikta i den oppsiktsvekkjande saka.

Det vart avdekka at dobbeldrapet skjedde på eit hospits i Møllendalsveien i Bergen sentrum. Så vart drapsoffera pakka inn i presenning og køyrd til Arna der dei vart dumpa i ei elv.

No, litt over eitt år etterpå, er den omfattande tiltalen klar. Statsadvokat Benedicte Hordnes har tatt ut tiltale for drap mot tre menn:

  • Ein 57 år gamal mann, som tidlegare er straffedømd og tilstod dobbeltdrapet etter ei vekes tid. No risikerer han forvaringsstraff. Han har sete i varetekt sidan pågripinga 13. januar 2020.
  • Ein 34 år gamal mann, utanlandsk statsborgar, som jobba som nattevakt på hospitset der drapa skjedde. Også han har sete i varetekt sidan pågripinga 14. januar 2020.
  • Ein 23 år gamal mann, som er vorten lauslaten frå varetekt. Han er tiltalt for medverknad til dobbeldrapet.

To andre tiltalte

To norske menn på 37 og 34 år er tiltalte for å ha vore med på å rydde åstaden og pakke inn, fjerne og køyre vekk dei drepne.

Alle dei involverte i saka er tilknytta til rusmiljøet i Bergen.

– Det er brutale drap, utført med kniv og øks, mot to personar på nattetid, seier Hordnes til NRK.

– Kva er motivet for drapa?

– Det har vore ei valdshandling i forkant av drapa, som skal ha handla opp uoppgjort gjeld. Eg vil ikkje spekulere i kva motivet for drapa har vore, svarar Hordnes.

Krimteknikere går inn i leilighet i hospits Møllendalsveien. Dobbeltdrapet i Bergen

OMFATTANDE: Krimteknikarar i arbeid på åstaden i Møllendalsveien.

Foto: Christian Lura / NRK

Drepne med øks og kniv

Politiet har heile tida meint at dobbeltdrapet skjedde i ei leilegheit i rushospitset i Møllendalsveien i Bergen sentrum.

Men det har lenge vore uklart når politiet meiner drapa skjedde.

I tiltalen kjem det fram at dobbeldrapet har skjedd natt til søndag 12. januar, mellom klokka 03.00 og 08.00.

I tiltalen står det at 34-åringen, som jobba ved hospitset, skal ha slått av kameraovervakinga, før han henta ei øks og fleire knivar.

Saman med 23-åringen og 57-åringen tok han seg opp til leilegheita der Hilby og Kvandal var. Ifølge tiltalen stod 23-åringen vakt, medan det var nattevakta og 57-åringen som utførte drapa.

– Det står fram som ei planlagd handling, noko som ha betydning for straffa. Vi veit ikkje om offera låg og sov, men dei har vore forsvarslause, seier statsadvokaten.

Osavatn onsdag

KORT TID: Lika låg ikkje lenge i elva før turgåarar oppdaga blodige gjenstandar i elva ved Gullfjellet i Bergen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Frakta vekk og dumpa i elv

Dei drepne vart måndagen etter drapa frakta til Osevatnet i Arna, ein køyretur på kring ein halvtime.

Dei to mennene som er tiltalt for å fjerna bevis, var også sikta for drap eller medverknad til drap. Den siktinga er lagt vekk som intet forhold bevist.

Ifølge tiltalen har den norske 34-åringen vaska og rydda åstaden i løpet av søndagen, samt skaffa bilen som skulle frakte dei avdøde vekk. Han pakka inn lika og bar dei ut av hospitset.

Så skal han ha fått hjelp av 37-åringen til å løfte lika inn i bilen. Med i bilen var også den drapstiltalte 57-åringen.

Sjokkert

Einar Råen forsvarar 57-åringen som har vedgått drapa og som tidlegare er omtalt som hovudmann. NRK har ikkje fått kontakt med han onsdag.

Dei to andre hovudtiltalte erkjenner ikkje straffskuld.

Forsvarar Erik Ulvesæter seier nattevakta er sjokkert over tiltalen, der det kjem fram at mannen brukte øks mot Hilby og Kvandal i drapshandlinga.

– Han har forklart seg om situasjonen han var i og avviser på det sterkaste gjerningsskildringa i tiltalen og vil forsvara seg mot det. Det står att å sjå korleis påtalemakta skal føra bevis for dette i retten.

Han vil ikkje kommentera om noko i tiltalen stemmer med det som skjedde.

– Han var der

Forsvarar Jon Anders Hasle seier heller ikkje 23-åringen er einig i det som står i tiltalen.

– Han erkjenner ikkje straffskuld for handlinga han er tiltalt for i det heile tatt. Både han og eg er overraska.

– Er det noko i tiltalen som stemmer?

– Det er riktig at han har vore der på det tidspunktet, men ikkje at han har gjort det som står i tiltalen. Det skal eg grunngi nærmare når me nærmar oss rettssaka.

– Har han fortalt politiet det han veit?

– Han har forklart seg grundig til politiet, ja. Me hadde kanskje sett føre oss at politiet og statsadvokaten såg saka litt annleis. Men han tar det med fatning.

Måndag skal Hasle møte 23-åringen for første gong.

– Då byrjar me å jobbe grundig med saka.

Vitne i nabodalen

NRK har tidlegare omtalt eit vitne som såg tre menn med ein varebil i ein anna dal enn der drapsfunnet vart gjort.

Statsadvokat Hordnes bekreftar no at dette var eit forsøk på å dumpe lika som ikkje lukkast.

– Dei vart stogga av ein bonde, som sjølvsagt ikkje kunne vite at det låg drapsoffer inne i bilen. Dei tiltalte har så køyrt til den andre staden, forklarar Hordnes.

Banka opp offer berre timar før drapet

Ifølge tiltalen var lika kasta i elva rundt klokka 12.00. Etter kort tid, truleg berre rundt 20 minutt, fann turgåarar blodige gjenstandar i elva og varsla politiet.

Ein av mennene som er tiltalt for bevisforspillelse, er også tiltalt for vald mot Hilby berre timar før dobbeltdrapa.

På kvelden laurdag 11. januar, skal 34-åringen, saman med den dobbeldrapstiltalte 57-åringen, ha brote seg inn på rommet og slått, sparka og dytta 42-åringen.

– Denne hendinga er fanga på kameraovervaking, seier statsadvokaten.

Det er uklart når saka skal gå for Bergen tingrett, men det ser ut som det blir over sommaren, får NRK opplyst.