Hopp til innhold

Tre personar fengsla: Gjorde stort beslag av amfetamin, piller og smertestillande

Politiet er i ferd med å rulle opp ein narkoliga som skulle forsyne fleire delar av Vestland fylke.

Regionlensmann Dag Fiske

AVDEKKJER MILJØ: Lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske, stadfestar at det har vore fleire aksjonar mot det same narkomiljøet.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

SISTE: NRK får no stadfesta at ein tredje person er pågripen og blir halden i varetekt. Personen sin forsvarar seier at det er lagt eit tett lok over saka og at han ikkje kan kommentere den siste pågripinga.

Torsdag før jul rulla tre politibilar opp i eit bustadfelt i nærleiken av sjukehuset i Førde.

Iført munnbind og hanskar gjekk dei til aksjon mot det politiet meiner er eit sentralt miljø for kjøp og sal av narkotika i Vestland.

No stadfestar lensmann Dag Fiske at dei har gjort eit større beslag av amfetamin og piller. Tre personar er fengsla.

Den eine er ei kvinne i midten av tjueåra, den andre er ein mann på same alder. Dei er begge fengsla med brev- og besøksforbod.

– Stort beslag

Kor stort beslaget er, vil ikkje Fiske gå inn på. Dei er no midt i etterforskinga av det politiet meiner er hovudpersonar i narkomiljøet.

– Vi vil ikkje seie heilt konkret kor mykje vi fann. Men i lokal målestokk, så var det eit stort beslag.

Politiet meiner at partiet med narko var meint for vidaresal i Sunnfjord og i andre deler av Vestland fylke.

Etter det NRK erfarer er det snakk om fleire hundre gram med amfetamin og eit større antal smertestillande piller.

Kan fengsle fleire

– Kan det bli fleire pågripingar?

– Ja, det er sannsynleg at etterforskinga vil føre til fleire pågripingar, seier Fiske.

NRK veit at pågripingane og beslaga har ført til uro i det relativt unge narkomiljøet i Sunnfjord og omland.

Medan miljøet i byrjinga av koronapandemien opplevde at tilgangen var liten, fortel fleire til NRK at det dei siste månadane har vore lett å få tak i narko i Sunnfjord.