Hopp til innhold

Berre tre parti har liste i alle kommunar

Berre Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet stiller med liste i samtlege kommunar under haustens kommune- og fylkestingsval.

Gunnvor Sunde

BLAFF: AP-utbrytaren Gunnvor Sunde stiller til val på Fylkestinget og i Gloppen kommune.

Foto: NRK

Totalt er det 166 lister ved kommunevala i Sogn og Fjordane til hausten. Det er fire meir enn sist.

Utbrytar frå Ap, Gunvor Sunde, er initiativtakar og listetopp for eitt av dei nye partia. Samfunnsdemokratane stiller liste til fylkestinget og til kommunevalet i Sunde sin eigen kommune.

Politisk blaff?

NRK sin valkommentator, Knut Henning Grepstad, meiner det er mindre enn det som vart snakak om på førehand.

- Det må seiast at det ikkje er kome mykje luft i den ballongen, og det skal veldig god oppslutnad til lista både i Gloppen og fylkestinget til for at dette skal bli noko anna enn eit kort blaff, seier Grepstad.

Stiller i alle kommunar

Ottar Nygård

SELJE: Ein annan Ap-utbrytar, Ottar Nygård, stiller liste i Selje.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ein annan utbrytar frå Arbeidarpartiet, som følgje av sjukehussaka, er Ottar Nygård i Selje. Han toppar Tverrpolitisk liste i sin kommune.

Av dei politiske partia er det berre Ap, Høgre og Senterpartiet som stiller liste i alle kommunar. Venstre manglar i tre kommunar, medan KrF og SV manglar lister i sju kommunar. Frp manglar på si side liste i 11 kommunar.

Puls i Solund

Det er også verd å merke seg at partiet Raudt ikkje stiller liste i to av sine bastionar, Vågsøy og Førde. Partiet sit berre at med liste i Høyanger og Naustdal.

- Det fortel vel at veldig mange av dei tunge aktørane i dette partiet nærmar seg pensjonsalderen, at det ser ut til å vere tydelege problem med nyrekruttering og at dei gamle aktørane byrjar å gå leie, trur Grepstad.

Medan dei aller fleste listene er knytt til parti, har det dukka opp ei ny upolitisk liste, PULS, i Solund.