– Mennene er sikta for å ikkje ha hjelpt ein mann i hjelpelaus tilstand og blir framstilt for fengsling fredag, seier regionlensmann Tormod Hvattum.
Dei tre vart arresterte på tysdag etter straffelova §288. Etter det NRK kjenner til vart dei tre arresterte etter funn i etterforskinga. Den yngste av dei tre er 18 år og den eldste er i 30-åra.
Mistenkeleg dødsfall
Søndag vart ein mann funnen død på ei adresse på Nordfjordeid. Politiet gjennomførte då kriminaltekniske undersøkingar på staden, samt vitneavhøyr.
Det var 59 år gamle Rune Kjetil Flo som vart funnen død. Politiet går ut med namnet i samråd med dei pårørande.
Politiet har ingen opplysningar om dødsårsaka, men omtalar det som mistenkeleg. Det kjem fram i ei pressemelding frå Vest politidistrikt.
Nektar straffskuld – seier ja til fengsling
Dei tre sikta har fått utnemnt kvar sin advokat.
– Min klient vedgår ikkje straffskuld, seier advokat Per Kjetil Stautland til NRK.
Men han har likevel samtykkja til at han vert varetektsfengsla.
– Han er veldig lei seg. Det er ein ven av han som har gått bort. Han har i fleire dagar forklart seg grundig overfor politiet. Han samtykkjer i politiet sitt krav om varetektsfengsling i inntil to veker.
– Det er viktig for klienten min at det vert skapt ro rundt situasjonen. Han tenkjer og på den døde sin familie. Han meiner det er eit lite offer for han om ei varetektsfengsling kan bidra til at politiet får den tid dei treng til å etterforske saka
Vil ikkje kommentere
Paul-Inge Angelshaug og Ivar Blikra er dei to andre forsvarsadvokatane. Heller ikkje klienten til Blikra vil erkjenne straffskuld, men forsvararen vil ikkje seie noko meir på noverande tidspunkt.
Angelshaug ville ikkje kommentere saka til NRK torsdag kveld.
Roleg gate
– Det er ei roleg gate, seier ein av naboane til leilegheita der den avlidne vart funnen.
NRK har snakka med fleire naboar som alle seier det vanlegvis er stille og fredeleg i bustadområdet. Den avdøde budde i ein kommunal bustad berre eit steinkast utanfor Nordfjordeid sentrum.
– Noko festing har det jo vore, men ikkje meir enn andre plassar, seier ein.