Kvinne får 3,6 millionar etter gruppevaldtekt

Ein samrøystes lagmannsrett har dømt tre menn til fengsel for ei gruppevaldtekt i Sogn. Dei må betale kvinna over tre millionar kroner i erstatning og oppreising.

Gulating Lagmannsrett i Bergen

DØMDE: Lagmannsretten var samrøystes i saka mot dei tre mennene.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

I mars dømde Sogn og Fjordane tingrett to brør til fengsel for ei gruppevaldtekt i Sogndal i fjor. Dei anka dommen. Ein tredje mann blei frifunnen av tingretten i ei seinare rettssak. Denne avgjerda blei anka av Hordaland, Sogn og Fjordane Statsadvokatembete.

Gulating lagmannsrett har no dømt alle tre til fengselsstraffer.

– Saka har vore ei stor belastning for kvinna som blei valdtatt. Ho var lenge usikker på om ho ville melde forholdet. Ho var redd for ikkje å bli trudd. Det har ho no blitt. Lagmannsrettens dom er samrøystes, uttaler statsadvokat Rudolf Christoffersen i ein e-post.

– Straffa skal vere streng

I samband med rettssaka mot dei to brørne i tingretten, meinte påtalemakta at saka er ei av dei grovaste valdtektssakene i Noreg på lenge.

Tingretten meinte at fengsel i høvesvis fem år og tre månader og fire år og seks månader var riktig straff for dei to brørne. Lagmannsretten skjerpa straffa for den eine mannen og dømde begge til fengsel i fem år.

Den antekne hovudmannen, som først blei frikjent, blei dømt til fengsel i seks og eit halvt år i lagmannsretten.

– Valdtektene var planlagt. Kvinna blei skjenka full og deretter valdtok dei tre mennene henne på tur. Det er klart skjerpande og da skal straffa vere streng, heiter det frå statsadvokaten.

Statsadvokaten rosar politiet i Sogn si etterforsking av saka.

– Etterforskinga var svært grundig og blei gitt høg prioritet, uttaler Christoffersen.

Vil anke

Dei tre mennene er også dømt til å betale kvinne vel 2,8 millionar kroner i framtidig inntektstap. Totalt er dei dømde til å betale over 3,6 millionar kroner i erstatning og oppreising.

Marius Wesenberg er forsvarar for ein av dei to brørne.

– Han er informert om resultatet og er svært skuffa. Han er knust. Det var ikkje det resultatet han hadde håpa på, seier Wesenberg til NRK.

Partane har no 14 dagar til å vurdere om dei skal anke til Høgsterett. Wesenberg seier klienten hans har signalisert at han ønskjer å anke.

Bjørn Andre Gulstad er forsvarar for mannen som blei frifunnen i tingretten. Han seier til Bergens Tidende at dei vil anke saka til Høgsterett.

– Han held fast ved at den seksuelle omgangen som fann stad, var fullt og heilt frivillig frå fornærma si side, seier Gulstad til BT.