Hopp til innhold

Sauebønder pustar letta ut etter jerve-skyting

Stortinget har vedtatt at Vestlandet skal vere jervefritt, men det bryr rovdyret seg lite om. No er tre dyr skotne av staten sine jegerar.

Jerv skotne i Luster

MÅTTE BØTE MED LIVET: Denne jervetispa og ungen hennar vart i helga avliva i Luster. Tidlegare i vår vart eit hanndyr felt i Årdal.

Foto: Miljødirektoratet-SNO

– Det er klart vi er letta. Vi er alltid urolege når vi veit det er jerv i området som ikkje er tekne ut, i alle fall når det er snakk om tisper med kull, seier Andreas Wiese.

Han driv med sauer og geiter i Luster i Sogn.

Vestland er eit såkalla beiteprioritert område. Det betyr at det er låg terskel for å ta ut jerv dersom det er fare for at dei kjem til å ta beitedyr.

Nyleg vart ei jervetispe med ein unge avliva i området, som del av eit ekstraordinært uttak.

Wiese seier det er uro i området knytt til jerv og tap av dyr. Det er vanleg at det blir teke ut jerv i området.

– Det har vore ein lang periode der vi har hatt skadar jamleg, og enkelte ganske alvorlege skadar også. Dette har vore ein del av kvardagen, dessverre.

Andreas Wiese ved sauene sine

Andreas Wiese er saue- og geitebonde i Luster. Han har mista fleire dyr til jerven.

Foto: Arne Rebni Øvreås

Område for jerv

Sist det vart felt jerv på Vestlandet, var i fjor vår og alle i Luster kommune. Det vart gjennomført eit hiuttak av ei jervetispe med 3 ungar i mars, i tillegg til skadefelling av ein hannjerv i april. Ein annan hannjerv blei felt på lisensfelling i januar.

Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn (SNO) seier området er eit kjent område for jerven.

– Det var tidlegare i vår konstatert yngling av jerv i Mørkridsdalen. Det er eit kjent yngelområde for jerv, seier Golf.

Tidlegare i vår blei ein hannjerv felt i Årdal.

SNO samlar inn ekskrement og tek DNA-prøver.

– Dei viser at det nok er fleire jervar, men det er omtrent på nivået vi pleier sjå kvart år. Faktisk er det kanskje noko mindre både i fjor og i år, seier Golf.

Han trur ikkje det vil bli så store utfordringar for beitenæringa til sommaren.

Les også Vil bruke jerv for å få bukt med skrantesjuke

Jerv

Kritisk til felling

Naturvernforbundet er kritiske til praksisen om at all jerv som kjem inn i rovdyrregion 1 (Vestlandet) blir avliva.

Jerven er ein sterkt truga art i norsk natur. Den er freda og vi har eit særskild internasjonalt ansvar fordi ein stor del av Europas totalbestand av jerv lever i Noreg, seier fagleiar Arnodd Håpnes.

Naturvernforbundet viser til at sidan 2005 er nesten 60 jervar skotne i rovviltregion 1.

Jerv er ein naturleg tilhøyrande og økologisk viktig art i skog-, fjellskog- og høgfjellsøkosystem og arten høyrer definitivt til i Vestlandsnaturen.

Registrert 45 kull i 2022

Totalt er det felt 90 jervar i Noreg sidan 1. juni 2022, opplyser Miljødirektoratet.

Nyleg sende Rovdata sitt årlege brev til Miljødirektoratet der dei summerer opp bestand-statusen for gaupe, jerv, brunbjørn og ulv.

I 2022 blei det registrert 45 jervekull, som var ein nedgang på 15 kull samanlikna med året før.

– Bestanden er likevel over det nasjonale bestandsmålet på 39 årlege jervekull som Stortinget har bestemt, Jonas Kindberg, leiar i Rovdata i ei pressemelding.

Fem av dei dokumenterte kulla blei fjerna ved såkalla hiuttak. I fjor var det ein markant nedgang i tal påviste jervekull i landet – sett opp imot året før.

Les også Kommunetopp vil ha fri gaupejakt - er selv ivrig jeger

Jobbar lokalt

Andreas Wiese er også ordførarkandidat for Senterpartiet i Luster. Han seier kommunen kontinuerleg jobbar med å forvalte den beiteprioriterte sona.

For Luster kommune er utmarksnæringa ei stor næring med betydning ikkje berre økonomisk for bøndene, men for kommunen, viser han til.

– Produksjon av kjøt og mjølk på utmark er truleg noko av det mest berekraftige vi kan drive med.

– Korleis ser de på beitesesongen no?

– No kan vi puste litt letta ut.

Les også Rovdyr tek rekordfå sauer – det uroar Bondelaget

Jerv har tatt sau i Luster.