Tre i vegbana på E16

Bilistar på E16 mellom Bergen og Voss melder om at det har kome ned eit tre i vegbana mellom Trollkonetunnelen og Kluftafjellstunnelen i Vaksdal. Det skal vera mogleg å passera, men ein må over i motsett køyrefelt.