Hopp til innhold

Set opp tre ferjer for å ta unna ferietrafikken i påsken

I påsken blir det tre ferjer i drift på sambandet Lavik-Oppedal.

Bilane kjem av MF Lifjord i Lavik.

TRE FERJER: Det blir tre ferjer i drift i påsken på sambandet Lavik-Oppedal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det har tidlegare vore lange køar og til dels lang ventetid på E39-sambandet Lavik-Oppedal i store utfartshelger. Denne påsken blir det sett inn ei ekstra ferje for å få trafikken til å gli betre.

– No i påsken har me ein plan om å køyre tre ferjer fredagen før palmehelga, i tillegg til eit par dagar før heilagdagane samt andre påskedag, fortel Stian Hårklau, kommersiell direktør i Fjord1.

Dette er også løysinga Fjord1 siktar seg inn på for sommarsesongen 2014.

– Me er i utgangspunktet einige med vår oppdragsgivar Statens vegvesen om ei løysing tilsvarande den me hadde sommaren 2013, der me hadde ei løysing med tre ferjer, seier Hårklau.

–Så det blir tre ferjer i drift i sommar og i samband med enkelte andre store utfartshelger. Så med mindre det ikkje skjer noko heilt uventa med fartøy så skal det gå tre ferjer på sambandet, fortel Hårklau.

Frå og med 2015 er det planar om tre ferjer i drift heile året mellom Lavik-Oppedal.

Bilete frå MF Gloppen

TRE FERJER SOMMAREN 2014: På same måte som i fjor blir det ei løysning med tre ferjer i drift på sambandet Lavik-Oppedal sommaren 2014.

Foto: Oddleif Løset / NRK