Hopp til innhold

Desse tre feila kan vere katastrofale ved ei bilulykke

Du har dårleg tid og festar setebelte under armen til barnet ditt. Den feilen kan bli kritisk dersom du hamnar i ei ulykke.

Handa utanfor beltet. Feil sikring

FEIL: Beltet under armen er ein av dei vanlegaste feila når det gjelder sikring av barn i bil.

Foto: Arne Stubhaug

– Mange er framleis ikkje klar over kor avgjerande dei små detaljane kan vere dersom du hamnar i ei trafikkulykke, seier Trond Boye Hansen ved Statens havarikommisjon for transport.

Få i Noreg har betre kjennskap til kva som skjer når eit barn blir involvert i ei trafikkulykke. Han har tidlegare forska på barn i bil, der han fungerte som ulykkesgranskar.

– Barn kan tole det utrulege dersom dei er godt sikra. Problemet er at vi for ofte ser feil som får store konsekvensar, seier Boye Hansen.

Trond Boye Hansen

LANG ERFARING: Ass. havariinspektør Trond Boye Hansen seier det ofte er det same feila som går igjen når barn er involvert i alvorlege trafikkulykker.

Foto: Arne Stubhaug

Han seier det er tre feil som går igjen.

Feil 1: Belte under armen

I ein del alvorlege ulykker, kan ein sjå at barnet har setebeltet under armen, ikkje over skuldra. Boye Hansen seier dette er ein av dei mest vanlege feila.

Når beltet ligg feil, kjem overkroppen i stor rørsle dersom det oppstår ei ulykke. Det kan også bli store skadar på indre organ fordi beltet pressar på feil stadar på kroppen.

Handa er ute av beltet. Fare for framoverbøy.

FEIL SIKRING: Beltet under armen gir stor rørsle for overkroppen.

Andre gongar ser granskarane at foreldra har sikra riktig, over skuldra. Men at barnet sjølv har kome seg fri, dersom det til dømes skal ha tak i noko i forsetet.

Difor blir foreldra oppfordra til å følge med undervegs på bilturen.

Bøyer seg fram for å finne ting i forsete

TEK AV BELTET: Når barnet vil ha tak i noko i setet framfor kan det sjølv ta av beltet.

Foto: Arne Stubhaug

– Ein del barn synest det er ubehageleg å ha beltet inntil halsen. Då er det fort gjort at dei kjem seg ut av beltet på eiga hand. Bevisst eller ubevisst, seier inspektøren.

Feil 2: Belte over jakka

No på vinteren er belte over jakka ein feil som går mykje igjen, særleg på kalde dagar.

Men det kan vere alvorleg dersom bilen hamnar i ei front-mot-front-ulykke.

Jakke og belte.

FEIL SIKRING: Mange foreldre let barnet sitte med jakka på når det er kaldt på vinteren.

Foto: Arne Stubhaug

Ved ei ulykke kan det vere kritisk at det oppstår luft mellom beltet og kroppen. Beltet sklir oppover og gir trykk på magen.

Nærbilde. Belte over jakke.

FEIL SIKRING: Det oppstår luft mellom beltet og kroppen. Beltet sklir oppover mot magen dersom det skjer ei ulykke.

Foto: Arne Stubhaug
Belte under jakke. Riktig bruk.

RIKTIG SIKRING: Legg beltet under jakka. Pass på at den sit stramt inn til hofta.

– Dersom det er kaldt, kan ein legge beltet under jakka. Det er viktig at ein strammar til, slik at det sit godt inn til hofta, seier inspektøren.

Feil 3: Belte over setet

Ein vanlig feil er at beltet blir montert over armlena på beltestolen, ikkje under.

Dermed er det vanskeleg å få nedre del av beltet inntil hofta.

Fester setebeltet feil. Nedre del over beltestol

FEIL SIKRING: Beltet blir lagt over stolen, ikkje under armlena.

Foto: Arne Stubhaug
Feil montering. Belte over sete

SKLIR NED: Når beltet ligg over stolen, risikerer barnet å skli ned ved ei ulykke. Beltet trykker feil, på magen, i staden for på hofta.

Foto: Arne Stubhaug
Riktig bruk av beltet. Nedre del av beltet under beltestol.

RIKTIG SIKRING: Beltet ligg under armlena på barnestolen. Det er viktig å stramme til beltet litt, slik at det sit godt inn til kroppen.

Beltestol heller enn pute

Inspektøren meiner foreldra bør la barna sitte i beltestol så lenge som mogleg.

Belte vs Pute. Havarikommisjonen

VEL BELTESTOL: Om mogleg bør du la barnet sitte så lenge som mogeg i beltestol, seier Trond Boye Hansen i Havarikommisjonen.

Foto: Arne Stubhaug

– All erfaring tilseier at beltestol er tryggare i visse situasjonar. Dersom barnet sovnar vil god sidestøtte føre til at barnet ikkje fell framover, seier Boye Hansen.

Hos dei mindre barna anbefaler Trygg Trafikk at det sit vendt bakover til 4-årsalderen, men gjerne lenger.

Forsking viser at desse seta beskyttar best under ein frontkollisjon.