Hopp til innhold

Tre eldre kosta kommunen 17 millionar kroner: – Urettferdig ordning, meiner forskar

På kort tid mista Osterøy over 3 prosent av budsjettet då kommunen fekk ansvar for tre sterkt pleietrengande eldre. Ordninga rammar fleire kommunar.

Rådhuset Osterøy

Denne kommunen fekk store ekstrautgifter innan helse- og omsorg. Utgiftene råkar ekstra hardt i ein liten kommune.

Foto: Oddgeir Øystese

Osterøy-politikarane hadde ikkje budsjettert med ekstrakostnadene dei plutseleg fekk i 2018.

Då flytta to menneske med sterke behov for pleie- og omsorg til kommunen.

Begge var over 67 år gamle. Samstundes runda ein sterkt pleietrengande person i kommunen det som normalt er pensjonsalder.

Nærast over natta fekk den fattige vestlandskommunen ei ekstrautgift på over 17 millionar kroner. Det svarar til kring 3,3 prosent av det totale budsjettet.

– Dette er nok pengar å drive ein skule, seier Osterøy-ordførar Lars Fjeldstad (Sp).

– Desse bebuarane skal sjølvsagt få dei tenestene dei fortener. Men som ein liten og fattig kommune vert vi sårbare for slike ekstrautgifter.

Lars Fjeldstad, ordførar Osterøy kommune (Sp)

Lars Fjeldstad vart nyleg attvald som ordførar i Osterøy.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Spleiselaget tek slutt

Personane det er snakk om i dette eksempelet treng hjelp heile døgeret, ofte frå fleire tilsette.

Det kan vere menneske med psykiske eller fysiske utviklingshemmingar, eller menneske som har vore i ulukker.

Fram til dei er 67 år gamle betaler Staten og bustadkommunen kring halvparten av lønsutgiftene til omsorga.

Så står kommunen åleine.

Dette har Osterøy kommune dei siste fem åra jobba hardt for å endre.

Dei har hatt fleire møte med kommunaldepartementet for å peike på det dei meiner er eit urettferdig system. Dei vil endre «aldersgrensa» for statleg støtte.

– Vi meiner mindre kommunar vert sårbare og at risikoen må fordelast betre, seier ordførar Fjeldstad.

Meiner ordning er urettferdig

Han får støtte i at ordninga er urettferdig av seniorforskar i Telemarksforskning, Kjetil Lie.

– Mange kommunar har opplevd store byks i desse utgiftene. Det Osterøy har opplevd er ein gjengangar.

Forskaren opplyser at det er fleire kommunar som har endå høgare utgifter til denne typen pleietrengande.

Lie har likevel ikkje tru på at det vert ei endring på regelen om at kommunane sjølve må betale for 67-åringar.

– Det mest aktuelle er nok ei justering av kva tilskotsordningar som er for kommunane.

I dag kan kommunar med under 3200 innbyggarar få meir statleg hjelp. I Osterøy bur det over 8000.

Statssekretær Ole Gustav Narud (Sp) i kommunal- og distriktsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at det er fleire ordningar som skal hjelpe kommunar som Osterøy i liknande situasjonar.

Osterøy og andre kommunar sine utgifter til helse og omsorgstenester blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene, som utgjer om lag 70 prosent av finansieringa av kommunane sine samla utgifter. I tillegg bidreg staten med øyremerka tilskot, som toppfinansieringsordninga, seier Narud.

Han legg til at Statsforvaltaren også kan fordele skjønnsmidlar til kommunar med store utgifter innan helse- og omsorg.

Fryktar stigmatisering

På ordførarkontoret på Lonevåg i Osterøy snakkar Lars Fjeldstad for første gong om sakene som handlar om somme av dei mest sårbare innbyggarane i kommunen.

Han innrømmer at det er vanskeleg. Difor har det gått fleire år før det vart ei mediesak.

– Eg fryktar jo at dei vert stigmatiserte. At det vert motvilje mot at dei flytta til Osterøy.

Kommunen har slite med dårleg økonomi lenge og har vore på ROBEK-lista.

Harde prioriteringar har skapt splid i vestlandskommunen.

Likevel vil han peike på at det er sjølvsagt at personane det gjeld skal ha same rettar som andre ostringar.

– Det er viktig at og desse kan få flytte og bu kvar dei og familien deira vil.

Men han håper at Osterøy slepp å ta rekninga åleine.

Osterøybrua over til Osterøy kommune

Osterøybrua er øykommunen sitt fastlandssamband.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK