Hopp til innhold

Tre dagar på "rett side" av -15

- Det er ganske høgt. Markert høgare enn i fjor, seier konsulent Knut Sætre ved Vervarslinga på Vestlandet, om middeltemperaturen så langt for Sogndal, Førde og Stryn.

Robjørgane mot indre Nordfjord

'Kong Vinter' har festa grep om Sogn og Fjordane. Middeltemperaturen for dei seks første dagane av 2010 i Stryn er - 16,7 grader.

Foto: Picasa 2.7

Sogn og Fjordane går mot ein middeltemperatur utanom det vanlege for januar 2010. Det skal i alle fall mykje til for å få ein "normal" middeltemperatur.

- Det skal nok det. Så langt prognosane våre viser, fram til den 20. januar, så vil det nok bli kaldt og godt vinterver framover. Og nedbør blir det så godt som ingenting av, seier konsulent Knut Sætre ved Vervarslinga på Vestlandet.

Kan få varmegrader

Ifølgje prognosane vil temperaturane dei neste ti dagane variere frå -4 til kring -16 for Sogndal, Stryn og Førde. På kysten kan dei næraste dagane by på varmegrader.

- Tendensen ser lik ut over alt. Og det vil vere lokale variasjonar. Litt mindre kaldt måndag og tysdag, men så vil temperaturen synke igjen. Slik ser det ut til at å svinge framover. Kanskje det blir litt mildare i slutten av perioden, seier Sætre.

Tosifra i Sogndal

Dermed ser det ut til at Sogn og Fjordane kan gå mot den kaldaste middeltemperaturen på lenge for januar. På oppdrag frå NRK har Meterologisk institutt sett på temperaturane for Sogndal, Førde og Stryn i 2010. Så langt har desse stadane knapt hatt ein dag med temperaturar nærare null, enn - 20.

- I Sogndal har det faktisk vore tosifra heile tida. Kaldast var det 8. januar med -20,4, seier han og fortel om berre tre dagar med temperaturar "varmare" enn - 15 i Sogndal.

Markert høgare

For Førde varierer minimumstemperaturen frå -9,5 til 17,1. Også det var den 8. januar. I Stryn har dei berre fått målingar frå dei seks siste dagane. Dei fortel om temperaturar frå -13,4 til 19,2. Sætre presiserer at alle stadane har lokale variasjonar.

- Men middeltemperaturen for desse tre stadane er så langt i år markert høgare enn dei siste åra, seier han.

Ti grader kaldare

I Førde har middeltemperaturane svinga mellom -1,7 til -4,4 sidan 2004. I same periode kan Sogndal vise til middeltemperatur mellom -3,9 og -7,8, medan Stryn varierer frå -1,6 til -5,1.

- Middeltemperaturen så langt i år er -16,8 for Sogndal, -13 for Førde og -16,7 for Stryn. Men for Stryn har vi berre målingar for seks dagar, seier Sætre.

Kald luftstraum

Årsaka til det kalde veret er at dei kalde luftmassene frå nord, har "vunne kampen" med den mildare lufta frå nord.

Vinden endrar ligg på nordaust-søraust og fører ein kald lufstraum over landet.