Hopp til innhold

Tre av fire flyplassar hadde færre reisande

Til no i år har alle flyplassane i Sogn og Fjordane nedgang i passasjertala. Kutta i oljeindustrien gjer lufthamnsjefen i Florø uroa for offshore-trafikken.

Florø lufthamn

NEDGANG: 45.787 passasjerar reiste til og frå Florø i år. Dette er ein nedgang 8,4 %.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er ein trend vi ser. Det er ein nedgang på grunn av dårlege tider i oljebransjen og mindre aktivitet i Nordsjøen. Dette gjeld for flyplassar i heile landet, seier lufthamnsjef Siv Merethe Stadheim.

Mars månad gjekk passasjertrafikken kraftig ned. Det syner tal frå Avinor. Offshore var nedgangen på 5,6, medan Wideøre-trafikken hadde ein nedgang på 4,3 prosent

Frå tre til to helikopter

Offshoretrafikken er viktig for Florø lufthamn. Av total 45.8787 reisande i årets tre første månader, var 11.448 helikopterpassasjerar på veg til eller frå plattformer i Nordsjøen. I tillegg kjem mange av desse med fly til Florø, slik at også Widerøe sine passasjertal blir påverka av offshoreindustrien.

I 2014 var det tre helikopter som flaug til og frå Nordsjøen. I 2015 er det to maskinar.

– Dei flyg sju-åtte turar kvar dag. Det er vanskeleg å seie om dette vil halde seg framover. Samanliknar vi oss med andre flyplassar med helikoptertrafikk, ser vi det er store reduksjonar mange stader, seier ho.

Førde einaste med auke i mars

I mars opplevde Førde, som einaste flyplass, ein auke.

– Vi ser at det svingar litt opp og litt ned. Vi ser at det er ei stabil kundegruppe som reiser frå Førde lufthamn. Nokre månader går det opp, andre litt ned, seier lufthamnsjef Kjell-Otto Gjesdal.

Med ein auke på 5,7 prosent i talet på reisande i mars, er Førde einaste flyplass som aukar i Sogn og Fjordane.

– Men så hadde vi ein nedgang i januar og februar. Eg har ikkje noko spesiell forklaring. Vi ser over heile landet at innanlandstrafikken går ned, mens utland har ein liten auke. Det er nok ein trend, seier han.

Flytrafikken

Flyplass

Total trafikk mars 2015

Endring mars 2014

Total trafikk hittil i år

Endring hittil i år

Florø lufthamn

16.704

-5,2 %

45.787

-8,4 %

Førde lufthamn, Bringeland

8087

5,7 %

20.589

-3,1 %

Sandane lufthamn, Anda

3415

-8,5 %

8941

-16,2 %

Sogndal lufthamn, Haukåsen

7606

-3,1 %

19.695

-14.8 %

Kjelde: Avinor.
Tala gjeld passasjerar. Florø er inkludert helikoptertrafikken til Nordsjøen