Hopp til innhold

Travle Jenny håpar ho klarer å ta seg litt påskefri

Kvardagen som fylkesordførar er hektisk. No vonar Jenny Følling at ho skal klare å finne att kvilepulsen.

Jenny Følling

PÅSKEFRI: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) skal ta seg nokre dagar fri i påska og ventar besøk av både barn og barnebarn.

Foto: Privat

– Kva skal du gjere i påska?

– I påsken skal eg ta litt fri. Eg får besøk, eller nærare sagt storinnrykk av barn og barnebarn. Så då blir det kvalitetstid med familien, slappe av og finne kvilepulsen rett og slett. Eg lyt også ha ein skitur, og i år er det lite snø enkelte plassar, så vi får leite opp snøen.

– Kva betyr påska for deg?

– Påsken er ei viktig og fin høgtid å feire, og på mange måtar inngangen til våren. For meg er påske først og fremst familietid og dei vanlege tinga som mange set pris på. Dei påskane eg hugsar best, er dei litt «klassiske» med fint vær, god tid og familiekos, skiturar med kvikklunch og appelsin.

– Klarer du å legge vekk mobil/pc når du har påskeferie? Eller er du like mykje «på» som vanleg?

– Det trur eg ikkje eg gjer, kjem nok til å vere pålogga som vanleg.

– Har du nokre spesielle påsketradisjonar?

Jenny Følling

SKITURAR: Jenny Følling trur ho må leite opp snøen i år om det skal bli skiturar.

Foto: Privat

Eg må alltid pynte til påske, det er koseleg. Med påskekyllingar, gåsungar og ta inn bjørk og seljekvist der fine gåsungar og lauv sprett ut. Og sjølvsagt ein flott påskeskitur på Langeland rundt Gjøset og Fauske. Og så er eg jo oppvaksen i Viksdalen, så det blir ikkje påske utan skitur på Gaularfjellet og ein tur i Sværeskaret. Barnedomsheimen og familien min der må også besøkast.

– Har du barndomsminne frå påska du vil dele med andre?

– Det må vere det årleg skjærtorsdagsrennet på Slåttene som vart arrangert i all slags vær, og alle i bygda stilte på enten som publikum eller som deltakarar. Det kom mange påskegjester heim. Pensjonatet var ope både for tidtakarar, publikum og utøvarar, og dei selde pølse med brød og brus. Då var det påske!

– Om folk kjedar seg i påska, har du forslag til ein morosam aktivitet?

– Eg kjedar meg sjeldan sjølv, men ein kan jo hente fram eit spel eller lese ei bok. Quiz eller å løyse påskenøtter i lag er ein flott aktivitet og fint tidsfordriv om påskeveret ikkje innbyr til uteaktivitetar heile dagen.

– Påskekrim er jo ein tradisjon for mange. Les du bøker i påska?

– Påskekrim les eg sjeldan. Eg er mest glad i biografiar I påsken ser fram til å lese ferdig dei bøkene eg ikkje har blitt ferdig med i ein hektisk kvardag. Akkurat no held eg på med Jens Stoltenberg si bok «Min historie». (Det er jo feil parti, men eg les om han lell). Det er interessant å lese nyare politisk historie og skildringar om det som skjedde på innsida i regjeringa. For ein politisk nerd som meg, så er det interessant.

– Har du ei bok du kan anbefale til andre?

– Ein av dei siste bøkene eg las var Hanne Kristine Rohde si bok «Kjemp for det du har kjært». Den var veldig god, ei motiverande bok frå ei dyktig dame, og ei bok som eg vil anbefale andre å lese. Ho er forresten også ein fantastisk foredragshaldar!

– Har du forslag til noko god påskemat?

– Det må jo vere lam. Påskelam det er ein god tradisjon, helst lokal vare frå ein av dei flinke bøndene våre her i Sogn og Fjordane. Ein anna fin påsketradisjon vi har er å lage påskelunch med ferske rundstykke og godt pålegg, samle heile familien og sitte lenge rundt bordet og snakke. Gjere litt ekstra ut av det rett og slett, slike ting som eg ikkje tek meg tid til, eller får til i kvardagen.

– Har du eit brettspel eller kortspel som er din favoritt?

– Ludo, enkelt og greitt. Alltid spanande og sjå kven som vinn.

– Kva er din favorittsong/dine favorittsonger for tida?

– Det må vere min favoritt Eva Wheel Skram som har vokse som artist, og hennar melodi «Selmas song» er flott. En sart og fin melodi med ein flott tekst om livet.

– Du er jo fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Korleis trur du dei neste åra blir for folket her?

– Eg har tru på ei god framtid for Sogn og Fjordane, det har eg verkeleg. Vi har ungdommar som trivst, har ein sterk identitet til heimstaden og fylket. Mange ynskjer å kome attende til heimplassen sin. At vi bidreg til å skape arbeidsplassar og vekst er kanskje det viktigaste vi politikarar gjer. Og for å få folketalsvekst og utvikling i fylket vårt treng vi attraktive bustadområde.

Vi har eit fylke som er rikt på kultur, med dyktige, kreative folk og dugnadsånd i bytter og spann. Vi har eldsjeler som vil noko, og som får til noko. Vi må leggje til rett for at folk kan lukkast med å utvikle gode idear å skape nye bedrifter. Vi er rike på naturressursar og gode moglegheiter i framtida innan havbruk, fiske og nye næringar marin sektor.

– Vi har eit vakkert fylke med stort potensial for reiseliv. Eit eksempel er at Kongevegen over Filefjell nettopp fått Europas mest prestisjetunge utmerking innan for kultursektoren, delt ut EU sin kulturminnepris/ Europe Nostra-pris i kategorien Bevaring. Slik internasjonal merksemd fører mykje positivt med seg, og bidreg godt innanfor ei blomstrande turistnæring. Det er godt grunnlag for ei god og lysande framtid, og eg er som sagt optimistisk på Sogn og Fjordane sine vegne.