I fleire dagar har det vore målt temperaturar ned mot 20 minus fleire stader i Sogn og Fjordane. Kjell Ove Hornnes i Førde Bilberging har hatt det travelt dei siste dagane, for mange har opplevde flate bilbatteri.
– Det har vore sterkt pågang i morgontimane. Folk som skal på jobb får ikkje start på bilen. Det går også i frosne dører og handbrekk.
No er han på veg til sjukehuset for å gi hjelp til ein Volvo som ikkje vil starte. Klokka er berre 10:30 og dette er bil nummer fem han gir hjelp til i dag.
Småkøyring tappar batteriet
GIR HJELP: Kjell Ove Hornnes i Førde Bilberging har travle dagar.
Foto: Wilhelm Støylen / NRKNår han kjem fram, konkluderer han med at batteriet må skiftast.
– No er planen å ta bilen med til verkstaden. Når det gjeld batteriet på bilen, varierer det veldig kor lang levetid dei har. Normal tid er tre-fem år, men det er mange som klarer å ha dei opp mot ti år.
– Har du nokre godt tips når det gjeld batteriet?
– Det er ikkje så mange andre tips enn å passe godt på. Vedlikehald er eit godt tiltak med tanke på straum.
STOR PÅGANG: Ole Bernt Holme hos Frydenbø Bil får mange telefonar i kulda.
Foto: Wilhelm Støylen / NRKDet kalde vêret merkast også hos Frydenbø Bil i Førde. Verksmeister Ole Bernt Holme fortel at han berre i dag har hatt fem – seks bilar innom der batteriet har gitt tapt i kulda.
– Mange har bilar som ikkje startar eller har startproblem. Mykje småkøyring kan føre til trøbbel med batteriet. Dieselvarmarar og slikt tappar fort ned straumen på batteriet. Det er difor greitt å ta litt lengre køyreturar som ladar batteriet.
UHELDIG: Henriette Breivik oppdaga ikkje at handbrekket hadde frose fast.
Foto: Wilhelm Støylen / NRKKøyrde med handbremsa på
Men det er ikkje berre flate batteri som skapar problem. Når kulda kjem snikande kan også handbrekket fryse fast. Dette fekk Henriette Breivik erfare.
– Handbrekket har frose, og eg har ikkje heilt fått det med meg. Dermed har eg køyrt med handbremsa på. Då eg skulle heim i går, stoppa eg på raudt lys. Då såg eg det kom svart røyk ut frå eine bakhjulet. Eg trudde eg hadde øydelagd han.
No er bilberginga på plass for å frakte bilen til verkstaden.
– No spørst det kor mykje skade det har blitt. Eg hadde ikkje tenkt å bruke så mykje pengar på bilen no, seier ho lettare frustrert.
For bilbergar Kjell Ove Hornnes er ikkje dagen slutt enno.
– Slik der ser ut no, er dagen min fullbooka, seier han.
- Les også:
- Les også: