Hopp til innhold

Travel natt for politiet i Vestland

I løpet av sju timar natt til søndag fekk Vest politidistrikt inn 27 meldingar om uro, feststøy og høg musikk. Mest bråkete var det i Bergen og omland.

– Vi hadde ikkje kapasitet til å rykke ut på alle meldingane, skriv politivakta på Twitter.

Den hektiske kvelden starta med ein leiteaksjon etter to slitne turgåarar som ikkje fann vegen ned igjen frå Løvstakken i Bergen. Røde Kors vart kalla ut og følgde turgåarane ned igjen.

Deretter gjekk det slag i slag utover kvelden og natta:

  • Ein person fall i sjøen mellom to båtar ved Torget i Vågen. Vedkomande vart henta opp, men var naturleg nok våt og kald, men bevisst.
  • På Skansen rauk minst tre personar i hop i eit slagsmål. Ifølgje politiet vart i alle fall ei av nasane knekt.
  • På Sotra køyrde ein bil utfor vegen og ned ein skråning. Det vart ikkje meldt om alvorlege personskadar, men politiet mistenkjer promillekøyring.
  • I Austevoll banka fleire ungdommar med finlandshette på vindauga til eit helse- og omsorgssenter.
  • I Rådal i Bergen vart det meldt om fleire rusa mindreårige ungdommar som slåst og laga bråk. Fleire politipatruljar rykte ut. Ein del av ungdommane sprang bort, men nokre stod igjen og grein.
  • I Førde vart ein svært rusa og kranglete mann vist bort frå sentrum.
  • I Kvinnherad kom politiet over ein fest med mange ungdommar. Patruljen avslutta festen, men måtte vere i området ei stund på grunn av svært rusa deltakarar.
  • Ein person vart slått ned i Laguneparken i Rådal. Politiet måtte rykte ut med fire patruljar. Det var mange ungdommar samla, mykje fyll og amper stemning.
  • Ved Skjoldskiftet vart det meldt om fleire rusmisbrukarar som stal og laga bråk. Politiet tok kontroll på to personar då dei kom fram.
  • På Danmarksplass fall ein person fleire etasjar i eit trappehus. Vedkomande var oppegåande etter fallet, men vart likevel tatt hand om av ambulansepersonell.
  • Ein person vart slått ned av to andre personar i Kong Oscarsgate i Bergen. Vedkomande vart slått med flaske og stein, og fekk kuttskadar. Politiet fekk kontroll på dei to personane som dei mistenkjer at står bak overfallet.
  • I Sogndal vart ein mann sett i drukkenskapsarresten, medan politiet i Florø kom over to menn som slåst. Ingen av dei vart skadde, men ifølgje politiet stod dei fram som «like gode». Begge vart vist bort frå sentrum.
  • Også i Stryn vart ein person vist bort frå sentrum etter ein slåstkamp.