Travel natt for politiet

Natt til søndag har det vore meir fyll og festrelaterte hendingar enn natt til laurdag, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt. – Det gjeld frå nord til sør, seier han. Mellom anna vart fleire personar bortviste frå Bergen sentrum grunna slåsting og fyll. Også Måløy, Førde, Mongstad og Os er personar sette i drukkenskapsarrest eller arrest. I Sogndal hamna to personar i slåstkamp, skriv Sogn Avis.

Laster Twitter-innhold