Hopp til innhold

Det vart ei travel natt for politiet

Med over 130 oppdrag i heile distriktet, var det ikkje nok tid til å ta unna alle meldingane dei fekk inn.

– Det har vore ei travel natt.

Slik summerer opp operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen natta for dei som var på jobb i Vest politidistrikt.

Mistanke om ruskøyring, slagsmål, støy frå heimefestar og trafikkulykke er noko av det som står i loggen til politiet.

Laurdag sa Dahl-Michelsen til NRK at dei var spente på korleis dei nye nasjonale skjenkereglane ville bli.

Søndag morgon summerte opp Dahl-Michelsen det slik:

– Det har gått greitt, men det var litt 17.-maistemning med mykje folk i gatene i Bergen rundt midnatt då alt stengde samtidig.

Mykje støy

– Vi har hatt 36 meldingar om støy frå private adresser, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt. Mange av dei frå bergensområdet, men fleire også frå andre stader i ansvarsområdet.

Så mykje vart det for politiet, at dei ikkje hadde kapasitet til å rykke ut på alle meldingane dei fekk.

Totalt hadde politiet 135 oppdrag frå kl. 2300 laurdag kveld til søndag morgon kl. 0600.

Etter politiet si oppfatning var det ikkje alle som var klare til å legge seg for natta då dei nasjonale skjenkereglane slo inn.

– Veldig mange gjekk vel heim og heldt fram festen der, det kan vi vel tolke ut ifrå alle meldingane om støy frå private adresser, seier operasjonsleiaren.

Trafikkuhell og vald

I 05-tida fekk politiet melding om ein motorsykkel som hadde kollidert med ein hjort på E39 ved Lavik i ytre Sogn. Føraren kom frå uhellet utan skader.

– Han har vore heldig, seier Dahl-Michelsen

Like etter klokka 03 måtte politiet rykke ut til Kvinnherad, nærare bestemt Eidsmarka, der det var melding om slagsmål.

Då politiet kom til staden valde fleire å leggje på sprang. Ingen vart arresterte, men politiet opprettar sak etter oppgjeret, som truleg kom etter ein konflikt på ein fest tidlegare på natta.

På Lepsøy i Bjørnafjord måtte politiet trappe opp like før klokka 05 i natt. Meldinga var at ein aggressiv person hadde slått til fleire personar.

Det visste seg at tre personar var skadde, og hadde skader i tenner, mogleg brot i ribbein og skade i fot etter hendinga. Dei oppsøkte legevakt, medan ein person vart pågripen av politiet, som opprettar sak.