Hopp til innhold

Trassar sperring og køyrer rasvegen

På grunn av rasfare valde Statens vegvesen å stengje fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein. Men det er ikkje alle som bryr seg om fysiske sperringar ...

Flytta sperring for ras på fv 616

IGNORERER: Denne bommen har vist seg å ikkje vere nok for å hindre vegfarande å køyre gjennom rasfarleg område mellom Isane og Dombestein i Bremanger.

Foto: NRK.no-tipsar

– Eg såg sjølv to bilar køyre forbi sperringane då eg var der, seier ein mann som vil vere anonym til NRK.no.

Han viser til at det også ved tidlegare høve har skjedd at bilistar flyttar sperringane.

Deretter gir dei blaffen i Vegvesenet sine vurderingar, og køyrer strekninga – med fare for liv og helse.

Sperringa er sett opp i form av ein bukk med ein bom. Det er dessutan tydeleg skilta at vegen er stengd.

Har inga forsikring

Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal ser Arne Stadheim alvorleg på at folk overser klare åtvaringar frå Vegvesenet.

– Vegen er stengd på grunn av rasfare. Køyrer dei inn i område som er fysisk sperra, og noko skulle skje, så gjeld ikkje forsikring eller noko lengre, seier han.

På grunn av store nedbørsmengder det kommande døgnet, er vegen også stengd tysdag som følgje av rasfare. Stadheim er overraska over at folk set liv og helse på spel i rasutsett område.

– Ja, det må eg seie. Det må vere at folk ikkje tenkjer over kva dei gjer, seier han.

Ikkje ofte

For kort tid sidan fortalde NRK at turistar forvilla seg inn i eit sprengingsområdet på Filefjell. Vegen der er stengd på grunn av utbetringsarbeid. Arbeidet er skilta, men truleg har ikkje alle vegfarande forstått kva som står på vegsperringa.

Også ved Kjøsnesfjorden i Jølster har det siste åra skjedd at bilistar har trossa vegsperringar. Vegsperringa mellom Isane og Dombestein i Bremanger er godt merka.

Stadheim seier det ikkje er dei får slike tilbakemeldingar.

– Det skjer vel heller orftare at folk køyrer igjennom stengde tunnelar, og påstår at dei ikkje ser den raude blinken. Men slik som det høyrest ut her veit eg ikkje om eg har vore borti tidlegare, avsluttar han.

Og i samband med vegstenginga, har Statens vegvesen sett opp ekstraferje frå Smørhamn klokka 21, og frå Kjelkenes klokka 2145.