Hopp til innhold

Trass skyhøge straumprisar – 2021 blir rekordår i forbruk

Sommartørke og skyhøge straumprisar syner liten effekt. 2021 blir eit rekordår for både produksjon og forbruk av elektrisk kraft i Noreg.

kraftledninga, 132 kV ledningen Aura- Osbu – Vågåmo, på Slådalen mellom Vågå og Lesja. seinhaustbilde

REKORDÅR: Både forbruk og produksjon av straum slår nye rekordar i 2021.

Foto: Even Lusæter / NRK

– I fjor var eit særs spesielt år, men året i år er endå meir spesielt, seier kommunikasjonsdirektør i Statnett, Henrik Glette.

2020 blir rekna som eitt år heilt utanom det vanlege for kraftsektoren.

Ein mild og våt sommar gav høg fyllingsgrad, rekordhøg kraftproduksjon og tidvis så låge straumprisar at ein nesten fekk betalt for å forbruke straum.

2021 går også inn i historiebøkene, men med delvis motsett forteikn:

Ei kraftkrise på kontinentet kombinert med sommartørke, blei forklaringa på at nye prisrekordar på straum blei slått gong på gong utover hausten.

Men trass tørke i sommar og skyhøge straumprisar, blir 2021 eit rekordår i både produksjon og forbruk av kraft i landet.

Forbruket aukar fortare enn produksjonen

Sjølv om straumprisane har vore rekordhøge, har altså ikkje forbruket gått ned.

– I norske hushaldningar er forbruket særs avhengig av vêret, så når det blir kaldt vil også forbruket auke. Det er avgrensa kor mykje hushaldningane kan minske forbruket sitt, seier seksjonssjef i NVE, Ann Østenby.

Forbruket innanfor jordbruk og hushaldningar utgjer om lag ein tredjedel av det totale straumforbruket i landet.

Både NVE og Statnett meiner auken må sjåast i lys av at industri- og transportsektoren blir stadig meir elektrifisert.

Auken i forbruket er høgare enn auken i produksjonen, og Statnett fryktar denne utviklinga vil halde fram.

– Me er på veg til eit nytt samfunn. Skal me framleis ha ein positiv kraftbalanse i framtida, må me auke produksjonen, seier Glette.

Martin Linge

ELEKTRIFISERT: Martin Linge-plattforma i Nordsjøen byrja produksjon i år. Feltet er heilelektrisk og blir drive med hjelp av kraft frå land.

Foto: Jan Arne Wold & Øyvind Gravås / Equinor

Høge prisar gir meir produksjon

NVE vil først levere årsrapport på nyåret, men seksjonssjef Østenby peiker allereie no på enkelte forklaringar på kvifor produksjonen auka, også i år.

Ei årsak er at det aldri har blitt bygd så mykje vindkraft som det blei i fjor.

– Desse verka byrja først produksjon for fullt i år. I tillegg byrja året med veldig høg fyllingsgrad, fortel Østenby.

Men høge kraftprisar i våre naboland har også ført til høgare produksjon i vasskraftverka.

Trass lågaste fyllingsgrad på 30 år i mange av magasina i haust, har kraftbransjen ikkje latt turbinane stå stille.

– Høge prisar gjer at kraftprodusentane i Noreg produserer meir enn dei kanskje elles ville ha gjort, seier ho.

lm8N0OlSEj4

VIND MED PÅ AUKEN: Vindkraftverket på Guleslettene utanfor Florø har først kunne produsere for fullt i år.

Foto: Tore Meek / NTB