Hopp til innhold

Trampolinen kan vere farleg – men gevinstane er store

FØRDE (NRK): Med våren kjem trampolinane og armbrota. Men overlege meiner helsegevinstane er så store at det veg opp for skadane.

Elise og Emma Haug

HOPPAR: Elise Haug (9) og Emma Haug (10) hoppar ofte på trampolinen.

Foto: Privat

– Eg skada fingeren ein gong. Det var ei som hoppa opp på han ved eit uhell. Og så kjenner vi ei som ramla ut og brakk armen, fortel Emma Haug (10) i Førde.

Ho og systera Elise (9) pleier å øve på triks og lage dansevideoar dei legg ut på appen TikTok.

– Kan du ta ein salto? 1, 2, 3! ler dei.

– Kva er viktig å passe på?

– Å hoppe forsiktig og passe på at du ikkje hoppar på andre.

VIDEO: Dei to systrene veit kva som er trygt og ikkje på trampolinen.

Får trent balanse og musklar

Ved Førde sentralsjukehus har overlege Svenning i Lida ved ortopedisk avdeling måtte ta seg av mange skader etter uhell på trampolinar.

– Det kan vere forstuing på hand, fingrar, ankel og kne, men så er det ein del hovudskadar med hjerneristing og meir alvorlege brotskadar i armar og bein og alvorlege nakke- og ryggskadar. Og vi har mellom anna sett ein del stygge olbogeskadar kvart år.

Svenning i Lida

LEGEN: Svenning i Lida ser mykje positivt med trampoline.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Overlegen meiner likevel at det er mange fordeler med å hoppe på trampoline.

– Det positive med trampolinen er at born og unge kan få trent koordinasjon og balanse. Barn og unge er i utvikling, og det er utruleg viktig at dette er på plass. Det same gjeld å styrke muskulaturen i rygg, mage og bein, seier han.

– Om du skal sjå det positive opp mot det negative. Vil du framleis tilrå å halde fram med trampolinehopping?

– Ja, under kontrollerte forhold og slik retningslinjene seier. Men eg har i bakhovudet at til dømes barnelegar i USA vil forby det. Dei meiner gevinsten er mindre samanlikna med farane for skader og vil forby trampolinar. Men det skjer ikkje, for folk elskar trampolinane sine.

Blir overmodige

Trampolinen i norske hagar kom for fullt på 1990-talet. Studiar frå Skottland viser at 80 prosent av alle skadane skjer når det har vore meir enn ein oppå.

– Tidlegare var det ein del at ein hoppa utanfor trampolinen. Dei gløymde kor hardt graset er og kva som er rundt. Dei blei brotskadar då folk prøvde å lande på beina. Det kunne gå ut over kne, legg og rygg, seier Lida.

Etter at dei aller fleste brukar nett rundt trampolinen, ser han har det har blitt færre skader. Men noko dukkar likevel opp.

– Det er ei stor kraft i trampolinen som overraskar mange. Og folk blir overmodige og overvurdere eigen kapasitet og evne.

Ser ikkje ulemper

Pappa Thomas Haug står og ser på døtrene sine som utfaldar seg med hopp og sprett.

– Så lenge ein unngår skader, ser eg ikkje ulemper.

Han fortel at dei nok var strengare då jentene var små, men meiner dei har gode reglar. Og når nettet blir slite, kjøper dei nytt.

– Det er jo ein skaderisiko, men det er det vel med det meste. Vi har vore heldige så langt at vi har unngått stygge skader, fortel han.