Etter ulukka blei mannen sendt med helikopter til Haukeland universitetssjukehus. Like før kl. 19 laurdag kveld melde Helse Bergen at pasienten er kritisk skadd.
– Søndag føremiddag er tilstanden framleis kritisk, opplyser sjukehuset.
Melding om ulukka kom klokka 14:25, og to brannbilar, politi, luftambulanse og redningshelikopter med dykkarar blei sende til staden.
– Ein traktor har gått gjennom isen, men folk på staden skal ha fått personen i traktoren på land, sa operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.
LEITA: Dykkarar sjekka om det var fleire personar i vatnet.
Foto: Jogeir AgjeldIfølgje Alarmsentralen var føraren åleine i traktoren. Mannen følgde med traktoren gjennom isen på Oldevatnet. Det blei gitt livreddande behandling på staden.
– Han er no på veg til Haukeland med redningshelikopteret. Vi veit ikkje noko om skadeomfanget, sa operasjonsleiar Hans Eirik Thue i 15:30-tida.
Dykkarar har søkt i vatnet, og det blei stadfesta at mannen var åleine. Politiet har vore på staden for å gjere undersøkingar.
– Kriseteamet i kommunen er varsla for å bistå familien. Det er rutine når det skjer ulukker, seier Thue.
Ordførar i Stryn kommune, Sven Flo, har kontakt med både kriseteamet og politiet i Stryn.
– Eg får fortløpande orientering dersom det er endringar i situasjonen, eller om det er anna behov for støtte, seier han.
Traktoren blei teken opp frå vatnet i laurdag kveld, og vil no bli undersøkt, opplyser politiet.
GJENNOM ISEN: Traktoren hamna i vatnet like ved land.
Foto: Jogeir Agjeld