Hopp til innhold

450 timar i året sit Sara-Elise (26) på ei ferje – ho ynskjer gigantbrua velkommen

Ferjefri E39 på Vestlandet er eit prestisjeprosjekt for regjeringa. No håpar trailersjåfør Sara-Elise Lillehavn (26) at ho ikkje blir gløymd i den politiske debatten.

STORTRIVST: Sara-Elise Lillehavn elskar å køyra tungtransport. Ho angrar ikkje på at ho skifta frå å vera bilmekanikar.

STORTRIVST: Sara-Elise Lillehavn elskar å køyra tungtransport. Ho angrar ikkje på at ho skifta frå å vera bilmekanikar.

Foto: Olav Røli

– Ferjer er jo heilt klart eit stressmoment for oss som køyrer, seier Sara-Elise Lillehavn til NRK.

Fem dagar i veka køyrer ho fram og tilbake mellom Bergen og Stavanger. Den nest største og den tredje største byen i Noreg. I dag er det to ferjer på den vel 20 mil lange turen, som tek cirka 4,5 time. Men om regjeringa får det slik dei vil, kan turen i framtida verta ferjefri og gå unna på to timar.

– Eg startar frå Ganddal sør for Stavanger klokka 16.30, køyrer til Bergen, og er heime igjen klokka 04.00 på natta, seier 26-åringen.

Med på turen nordover er ofte frukt og grønt, medan det kan vera andre varer i retur frå Bergen.

I salongen. Sara-Elise Lillehavn ombord i MF Flatøy. Her brukar ho mykje tid.

TOMT: Det er ikkje så mange om bord i ferjene som går på E39 om natta. Men om Lillehavn møter ein kjenning hender det ho går opp og tek ein kaffi.

Foto: Olav Røli

Kort køyretid

Med verdas lengste bru over Bjørnafjorden, kalla Hordfast, og verdas lengste undersjøiske tunnel under Boknafjorden, Rogfast, vert det ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger.

Det vil endra kvardagen for Sara-Elise og mange andre yrkessjåførar.

– Ei køyretid på to timar ville ha vore heilt fantastisk, fortel ho.

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

FRAMTID: Slik kan det verta sjåande ut i framtida på vegen mellom Stavanger og Bergen.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Dissing+Weitling

Men Hordfast-prosjektet møter motstand frå fleire hald. Både politiske parti på venstresida, som MDG, SV og Raudt, er negative. Det same er naturvernarar. Motstanden gjeld både naturinngrep og kostnadane.

Ville ha ferja

For yrkessjåfør Lillehavn er ikkje motstand mot ferjefrie løysingar noko nytt

Ho er nemleg busett på Solbakk i Rogaland, der ein før 2020 var avhengig av ferje for å komma seg til Stavanger. Men med opninga av Ryfast er ein lang ferjetur for å komma seg til Stavanger, erstatta med ein kort biltur. Ho kjenner igjen mykje av argumenta som i dag vert brukt mot Hordfast.

– Mange var motstandarar av Ryfast, meg sjølv inkludert. Eg meinte det var trist å leggja ned ferja og mista mange arbeidsplassar. Men i dag er det ikkje ei sjel som vil ha ferja tilbake. Og det er stille frå dei som før var motstandarar, seier ho.

Milliardprosjektet på E39: NHO Sjøfart vil skrota gigantbrua og satse på elektriske ferjer

NRK møter 26-åringen om bord i MF Flatøy som denne kvelden fraktar personbilar, lastebilar og trailerar mellom kommunane Fitjar og Bjørnafjorden i Vestland fylke.

Sambandet er eit av dei mest trafikkerte i Noreg, og berre i juli vart det frakta 210.048 personbileiningar (PBE). Dette er ein måte å telja på som inkluderer både personbilar og tungtrafikk.

Lillehavn rekk å verta godt kjent om bord i ferjene som ein i dag er avhengig av for å komma mellom Stavanger og Bergen på raskaste måte.

Mange dagar på ferja

NRK har rekna at 26-åringen sit på ei ferje i om lag 150 minutt kvar dag. I løpet av eit arbeidsår brukar ho nesten 19 døgn om bord i ein båt.

– Oi, det set det heile i perspektiv, seier ho til NRK, medan ho rattar Scaniaen med 500 hestekrefter roleg og sikkert om bord i ferja.

Fleire gonger har vêrtilhøve på fjorden og innstilte ferjer gjort turen mellom Bergen og Stavanger endå lenger.

– Eg har sete på ei ferjekai frå 01.30 om natta til 08.30 på morgonen for å venta på at skodda lettar. Det er ikkje noko kjekt. Og om ein vert forseinka på natta, når det går få ferjer, går timane fort, seier Lillehavn.

FRAMME: Her køyrer Sara-Elise Lillehavn Scania-traileren av frå ferja. Turen går vidare til Dokken i Bergen, før returen til Sandnes igjen.

FRAMME: Her køyrer Sara-Elise Lillehavn Scania-traileren av frå ferja. Turen går vidare til Dokken i Bergen, før returen til Sandnes igjen.

Foto: Olav Røli

Ruta har ho køyrt i om lag to år, og ho erkjenner at det i starten var keisamt å bruka så masse tid om bord i ein båt. Men no har ho kjøpt seg Ipad, installert Wifi i traileren, og brukar ein del tid på å sjå seriar.

– Så hender det me møter ein kjenning, og då går me gjerne opp i salongen og tek ein kaffi. Elles skravlar eg masse i telefonen med andre som køyrer om natta, seier ho.

Fryktar valet

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H) meiner ny E39 med Hordfast som vil gjera kommunen hans ferjefri, både til Bergen og til Stavanger, vil endra heile kommunen.

– Det vil gje oss på Tysnes ein heilt ny kvardag, ikkje minst for næringslivet. I dag må næringslivet ta omsyn til ferjetidene når dei skal få ut og inn varer. Men med Hordfast vil ein ha få ein heilt anna fleksibilitet, seier han.

Kåre Martin Kleppe

UROA: Høgre-ordførar Kåre Martin Kleppe håpar eit nytt Storting vil halda fram framdrifta i Hordfast-prosjektet. Men han fryktar kva MDG, SV og Raudt vil få å seia.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Trass i at eit fleirtal av partia på Stortinget ynskjer Hordfast, er Høgre-ordføraren uroa for kva som skjer etter valet på måndag.

– Eg både håpar og trur at ei eventuell ny regjering vil følgja opp NTP slik han ligg i dag. Men kva påverknad SV, Raudt og MDG får på Arbeidarpartiet, er uvisst, seier han.

Lastebileigarar vil ha ferje

Noregs Lastebileier-Forbund på Vestlandet er ikkje like sikker på at ferjefrie vegar er vegen å gå. Jan Ove Halsøy, som leiar organisasjonen si avdeling for Vestland og Møre og Romsdal, meiner det handlar om prioritering.

– Me fekk allereie for åtte år sidan klar beskjed frå dåverande samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) om at me måtte prioritera. Me er klare på at ein først må sikra og utbetra strekningane mellom fjordane, før ein startar med prosjekt som Hordfast, seier Halsøy.

Han meiner prisen for ferjefrie fjordkryssingar er så høg at ein staden kan utbetra andre deler av E39 på Vestlandet.

– Mange stader på E39 er det i dag ikkje gul midtstripe eingong. Me meiner at opprusting av vegane mellom fjordane, fylkesvegar og kommunale vegar, er vel så viktig for distriktsutvikling og næringsliv som å få bort ferjene, seier han.

– Kva er det verste med ferje, slik de ser det?

– Ferjer fører ofte til stress for sjåførane. Samstundes kan ein også kombinera det med kviletida, seier Halsøy.