Hopp til innhold

Trailer stod bom fast

Sperra eine køyrefeltet på riksveg 52.

– Den finske traileren står 6-700 meter ovanfor Borlaugkrysset i Lærdal, på veg opp mot Hemsedalsfjellet, fortelde Stig Inge Hauge ved politiet sin operasjonssentral i Florø onsdag føremiddag.

Dei fekk melding om trailertrøbbelet rett etter klokka 0930, og har kalla ut hjelpemannskap.

– Etter det me forstår skal det eine køyrefeltet vera open, men må driv og kallar ut folk no. Det kan verta mykje kluss i dag med mange bilar, så me får hjelpa han av garde, sa Hauge.

Traileren fekk etter kvart hjelp av bergingsbil frå Lærdal til å komme seg laus.