Hadde køyrt frå Hammerfest - mista hengaren på Utvikfjellet

Sjåføren hadde køyrt heilt frå Hammerfest då tralla plutseleg losna frå trekkvogna under oppstigninga på fylkesveg 60 over Utvikfjellet.

Hengar 4

VART STÅANDE: Bremsene slo inn straks tralla losna, og denne vart ståande noko bak trekkvogna.

Foto: Runar Sandnes

– Sjåføren hadde køyrt heilt ifrå Hammerfest. Bilen var lasta med offshore-utstyr. Årsaka veit vi endå ikkje, men svingskiva vil bli send til analyse, fortel styreleiar i Borlaug og Brosvik Transport AS, Kjetil Borlaug.

Traileren var på oppdrag frå Bring då uhellet skjedde.

Selskapet er lokalisert på Frekhaug. Trekkvogna er frå 2008, og svingskiva på semitraileren er rimeleg ny, så noko naturleg forklaring klarar ikkje Borlaug å sjå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hengar3

TIL ANALYSE: Svingskiva på trekkvogna vil bli send til analyse.

Foto: Runar Sandnes

Uvanleg at slikt skjer

– Det hender jo innimellom at tralla kan losne, men det er oftast i samband med at ein skal feste ho, og at ho ikkje er heilt innpå. At slikt skjer etter så mange hundre mil, er uvanleg, seier Borlaug.

Bilen vart køyrd av ein røynd sjåfør, og alt skal stå bra til med vedkommande.

– Han har det greitt, men det er ikkje kjekt når slikt skjer, seier Borlaug.

Så vidt han veit, ser tralla uskadd ut, men svingskiva vil bli skifta ut, før tralla kjem på trekkvogna att.

(Artikkelen held fram under biletet)

hengar2

HADDE 28 TONN: Tralla var lasta med offshore-utstyr, som skulle til Stavanger.

Foto: Runar Sandnes

Var lasta med 28 tonn

– Eitt køyrefelt var stengt grunna hengaren som stod i det eine køyrefeltet, fortel operatør ved Vegmeldingssentralen, Roger Nedberge Hille.

På veg opp Utvikfjellet losna tralla, som var lasta med om lag 28 tonn. Til alt hell, fungerte bremsene på denne, slik at tralla vart ståande i ro i vegen.

– Det merkast noko slikt slepper

Det er førebels uvisst kva som er årsak til uhellet. Sjåføren skal ha stansa, så snart han merka at tilhengaren var av.

– Når du har så mykje last bak deg, så merkar du når dei ikkje er der lenger, for å seie det slik, seier Nedberge Hille.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kjem til å stengje vegen

Bergingsbil frå Jan's Bilberging i Stryn kom til i 21.45-tida for å bistå.

– Vegen kjem til å bli stengd medan bergingsarbeidet går føre seg, seier Nedberge Hille.