Trafikkulykke på riksveg 5

I 15-tida kom det melding om trafikkulykke på riksveg 5 mellom Eikefjord og Florø.

Brannbil

TRAFIKKULYKKE: Brannvesenet er på veg til staden.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Ifølgje politiet skal ein bil ha sklidd over i motgåande felt og treft ein bil front mot front. Ulykka skal ha skjedd mellom Sundafjelltunnelen og Grov, på riksveg 5 mellom Eikefjord og Florø.

Klokka 15.48 opplyste politiet at ein person var sendt til Førde sentralsjukehus.

I alt var det tre personar i bilane, og det skal ifølgje politiet vere passasjeren i den eine bilen som er sendt til sjukehus.

Vegen open att

Klokka 16.20 melde Statens vegvesen at vegen er opna att.

Terje Brandsøy ved Alarmsentralen kunne fortelje at dei sendte mannskap frå Florø og Eikefjord til ulykka. Tre ambulansar og luftambulanse vart og sendt til staden.

Sundafjelltunnelen

KØ: Det er lang kø på staden. Tunnelen er stengt, men ulukka skal ha skjedd mellom tunnelen og Grov.

Foto: Truls Kleiven