Trafikkulykke i Hyllestad

Naudetatane er på veg til Lifjordvegen i Hyllestad etter at ein personbil køyrde av vegen og hamna utfor ei skråning. Sjåføren har kome seg ut av bilen, melder politiet. Føraren var åleine i køyretøyet. Det er uvisst skadeomfang. Operasjonsleiar i Vest politidistrikt seier at det er glatt på staden.