Hopp til innhold

Trafikkulukke med fire bilar involvert

Tre personar er frakta til sjukehus etter ein kjedekollisjon med fire bilar i Sunnfjord i Vestland. Skadeomfanget er ukjent.

Kjedekollisjon Fjaler

ULUKKE: Kjedekollisjonen involverte fire bilar på Dalsfjordvegen mellom Dale og Bygstad.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Ulukka skjedde ved Nistadlia på Dalsfjordvegen mellom Dale og Bygstad i Sunnfjord.

Politiet fekk beskjed om ulukka klokka 15.03.

– Det stod fram som kaotisk på staden der, og det vart også nemnd at det kunne vere alvorleg personskade, seier Tore Andre Brakstad, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Fire bilar var involverte i kjedekollisjonen. I alt skal seks personar vere involvert i kollisjonen.

– Det var tre bilar stod i ro i kø. Så kom ein fjerde bil bak dei og køyrd inn i bakarste bilen, som igjen køyrde inn i den foran seg og så i bilen framfor der igjen, fortel innsatsleiar på staden, Sturla Iman.

Sturla Iman, innsatsleiar

Innsatsleiar i politiet, Sturla Iman.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Ein person var medvitslaus

Det er uvisst skadeomfang på sjåførar og passasjerar.

Ein person var først medvitslaus, men var medviten då hen vart køyrd til sjukehus med ambulanse. To andre personar var også frakta til sjukehus.

Dalsfjordvegen, som er ein kjend pendlarveg, var først stengt like etter ulukka. Så blei det manuell dirigering forbi ulukkesstaden.

Minst tre av dei fire bilane må bli berga av bilbergar, og har store materielle skadar.

– Den fremste bilen var køyrbar, så den har vi køyrd vekk frå staden. Bil nummer to var mogleg å køyre litt vekk frå staden, men må bli henta med bilbergar. Dei to siste var så skadd at dei må fjernast av bilbergar, seier innsatsleiar Iman.

Brannvesenet har lagt ut bark på vegen for å suge opp oljesølet frå bilane. Når bilane er fjerna, vil vegen bli heilt opna opp att.

Trafikkulukka skjedde på Dalsfjordvegen mellom Dale og Bygstad.