Hopp til innhold

Trafikkulukke i Sogndal

Ein personbil stod i brann etter ein kollisjon med ein lastebil på riksveg 5 ved Valeberget mellom Sogndal og Kaupanger.

– Det har vore røykutvikling frå personbilen, men det skal ikkje vera brann i han no, seier Stian Kvam i 110 Vest. Skadeomfang er førebels ukjent, men ingen skal vere fastklemde. Ein person er teken hand om av helse. Vitne melder om helikopter på staden.

Naudetatane er på staden og vegen var stengd i nær halvannan time. Klokka 15.49 melder Statens vegvesen at vegen er opna for fri ferdsel.

kø på Valeberget
Foto: Tipsar