Ei kvinne og ein mann 50-åra er alvorleg skada etter bilulukka i Eikefjord. Mannen vart sendt til Haukeland universitetssjukehus med helikopter, medan kvinna vart flydd til Førde sentralsjukehus.
Ei tenåringsjente og ein mann i 50-åra er mindre skada etter ulukka, som skjedde på riksveg fem mellom Førde og Florø.
– Vi fekk melding om hendinga klokka 13.25. Det er to bilar som har kollidert front mot front, opplyser operasjonsleiar Gustav Landro ved Vest politidistrikt.
Fleire ambulansar, luftambulanse, redningshelikopter, brannvesen og politivart umiddelbart sendt til staden.
Laurdag ettermiddag opplyser politiets sin operasjonssentral at dei er i gong med å avhøyre vitne som har sett heile eller deler av ulukka.
FRONT MOT FRONT: Det var til saman fire personar i dei to bilane som kolliderte.
Foto: Truls KleivenLike etter ulukka opplyste vaktleiar Jan Gunnar Holvik ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK at det skulle vere svært glatt på ulukkesstaden.
– Det har eg ikkje fått informasjon om, vi har først og fremst konsentrert oss om redningsarbeidet, seier Landro.
Han seier dei førebels ikkje kan seie noko om kva som kan vere årsaka til ulukka.
– No skal vi først ta hand om dei involverte i ulukka, og få rydda ulukkesstaden. Så vert det sett i gang etterforsking for å få svar på kva som kan vere årsak til ulukka seier Landro.