Trafikkulukke i E39

Ei kvinne er send til sjukehus med smerter i brystet etter at ho køyrde av vegen på E39 ved Alværa i Lavik litt over klokka 10 måndag. Kvinna var åleine i bilen og kom seg ut på eiga hand. Bilen skal ha snurra rundt før den hamna utfor vegen. Ifølgje politiet er det store materielle skader og bilen er ikkje køyrbar. Det er manuell dirigering av trafikken på staden.